norgeskart

Nye Norge

Dette er det nye Norgeskartet, presentert på årskonferansen til NHO denne månaden. Dei raude områda er dei sterke og mest vekstkraftige delane av landet. Eg bur i Sogn og Fjordane. Fylket har ikkje fått ein einaste liten raud flekk sjølv om bustadkommunen min Førde har hatt ei veksttakt på nivå med Oslo dei siste ti åra. Det er vel berre å innsjå realitetane og dra dyna over hovudet. Med mykje grått rundt tinningane og adresse i heilgrå bygdesone, er framtida dyster.

Les heile “Nye Norge”
Nynorsk - ein pest og ei plage?

Nynorsk – ein pest og ei plage?

«Nynorsken må dø!» «Nynorsk er ein pest og ein plage!». Slike ord kan ein sjå i media om dagen.

Les heile “Nynorsk – ein pest og ei plage?”
Ana saman med Cecilie på Marknadsavdelinga

Utplassert i banken

Etter fleire månadar med telefonsamtaler, tallause e-postar og søk på google hadde det framleis ikkje gitt noko resultat. Eg og ei vennine hadde hatt planen klar; vi skulle på utplassering i ei mediebedrift i utlandet! Lettare sagt enn gjort for å sei det slik. Utplasseringsvekene byrja å nærme seg rimeleg fort, og eg hadde nesten gitt opp å finne ein utplasseringsplass. Men så skulle skulen min på eit kurs hos Sparebanken Sogn og Fjordane, kalla “Frå utdanning til jobb”.

Les heile “Utplassert i banken”
Leknesvatna

Konge i eige liv

Eg er sikkert ein av desse maniacane som brukar det meste av fritida på å springe i fjellet. Ok. Eg godtek det. Trening er ferskvare. Det har gått i blodet. Som blått blod. Konge i eige liv. Vel, det er sikkert ikkje heilt sant, alt, men av og til kjennest det nesten slik ut. Når du har kome deg til toppen av fjellet, og kan speide ut over alt og alle som ligg for dine føter, er det ei brusande kjensle. Ein All Time High. Endorfinane boblar or øyra. Og når du så kjem deg heim att, mett og god på naturopplevingar, flotte bilete, god sjølvkjensle, og nådd mål, er madamen flottaste pin-upen i verda , og hus og heim eit skinande slott (dalingar har eit lag med å overdrive… :-).

Les heile “Konge i eige liv”
shopping_bagasje

Kjøkkenbord i bagasjen

Hugsar du før i tida? Før Facebook, før Youtube, før nettbank. Kanskje endå lenger tilbake, før telebanken. Vi hadde bøker den gongen. Raude, grøne og gullfarga bøker.

Les heile “Kjøkkenbord i bagasjen”
FVBK_Cupfinale_Publikum

Vi gjer det umoglege, mogleg

21. januar 2012 vert ein merkedag i Førde Volleyballklubb si historie. Både dame og herrelaget spelar cupfinale i Oslo. At ein klubb som Førde VBK klarar dette er mot all fornuft! Ser ein på kva lag Førde konkurrerer mot i landet vil ein finne ein fellesnemnar: Dei kjem alle frå store byar. Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø, Kristiansund og Steinkjer. Her, midt mellom dei store, har Førde VBK funne sin leikeplass, og her leikar vi godt!

Les heile “Vi gjer det umoglege, mogleg”
sove_om_natta

Sove godt om natta

Det har vore mykje skriving i media om aksjemarknaden det siste halvåret. Krigstypar. Børsuro. Kva som påverkar kursane. Korleis ein bør spare. Aksjemarknaden er kanskje ikkje rett for alle. Kva med fondssparing? Er det så vanskelig og skummelt som det kan virke?

Les heile “Sove godt om natta”
Stoltenberg_Huk_540x360_foto_SMK

Takk Stoltenberg

Då er det berre å lette på hatten og takke statsminister Jens Stoltenberg. Vår fremste politiske leiar kjem til Sogn og Fjordane over nyttår for å sjå på skadane og beredskapen etter juleorkanen. Eg var lenge redd at vi skulle oppleve det same som under gasseksplosjonen i Gulen. Då vart ein liten kommune og eit hardt prøva folk i stor grad overlate til seg sjølv og nærast gjort til kasteball mellom ulike fagetatar.

Les heile “Takk Stoltenberg”
Foto: Steinar Lote

Kjære statsminister

Kjære Jens Stoltenberg. Eg saknar deg desse stormfulle romjulsdagane. Sjølvsagt har eg stor forståing for at du tek juleferie og kviler ut etter eit svært krevjande år. Men du har kanskje sett litt på TV og lese ei og anna avis om at det er mørketid på Vestlandet, spesielt i Sogn og Fjordane. Orkan, springflo og flaum har herja felt med oss sidan første juledag. Vi har vore utan straum, utan telefon, utan veg, utan ferjesamband. Hus, vegar, kraftlinjer, kaier, bruer og utstyr er øydelagde. Heldigvis kom sivilforsvaret oss til unnsetning og flaug inn ein satellittelefon til kommunane som har vore heilt utan samband med omverda i to døgn.

Les heile “Kjære statsminister”
BSUjente

Endå meir mas om BSU

Det nærmar seg slutten av året, og bankane reklamerer stort for BSU. Før hata eg alt maset om BSU. Let alltid igjen øyrene mine når eg hørte ordet. Oversåg det. Innerst inne fekk eg dårlig samvit, for eg visste eg absolutt burde lese om dette. Men for meg var bank ei uoversiktleg verd som eg var redd for å gå inn i. Eg valde heller å oversjå BSU-ordet.

Les heile “Endå meir mas om BSU”

Gå til mobilutgåva