Meirennbank er nyheitssida til Sparebanken Sogn og Fjordane
Visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane er å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane. Vi vil skape, vi vil utvikle, vi vil dele. Vi vil vere meir enn bank.
Liv og røre med banken
I tida framover mot påske har vi mange arrangement vi er med og gjennomfører og støttar. Skirenn, opera, føredrag, revy, familiedagar - her er noko for ein kvar smak.
Johan-Olav Smørdal Botn (24) kom rett frå topptur med kameratar, og trudde han skulle gå lagsmeisterskap i skiskyting. I staden vart han overraska med Furorestipend og var plutseleg 50 000 kroner rikare.
Skulle uhellet vere ute, er det godt å vite at vi her i Sogn og Fjordane har om lag 30 hundar som på kort varsel kan bistå i forskjellige aksjonar. – Vi er her når vi trengst, men håpar vi ikkje blir brukt, seier Helene Sæterdal.
Fjellvettreglane gjer skituren tryggare og betre for deg som skal til fjells i påska. Skal du halde deg mest innandørs, kan du bruke tida i det økonomiske landskapet med nokre enkle økonomivettreglar frå Mats Solheim på vegen.