Meirennbank er nyheitssida til Sparebanken Sogn og Fjordane

Visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane er å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane.
Vi vil skape, vi vil utvikle, vi vil dele. Vi vil vere meir enn bank.

Liv og røre med banken

I tida framover mot påske har vi mange arrangement vi er med og gjennomfører og støttar. Skirenn, opera, føredrag, revy, familiedagar - her er noko for ein kvar smak.
Les meir om arrangementa

– Her vart eg skikkeleg rundlurt!

Johan-Olav Smørdal Botn (24) kom rett frå topptur med kameratar, og trudde han skulle gå lagsmeisterskap i skiskyting. I staden vart han overraska med Furorestipend og var plutseleg 50 000 kroner rikare.
Les heile saka

– Vi er alltid i beredskap

Skulle uhellet vere ute, er det godt å vite at vi her i Sogn og Fjordane har om lag 30 hundar som på kort varsel kan bistå i forskjellige aksjonar. – Vi er her når vi trengst, men håpar vi ikkje blir brukt, seier Helene Sæterdal.
Les heile saka

Økonomivettreglar

Fjellvettreglane gjer skituren tryggare og betre for deg som skal til fjells i påska. Skal du halde deg mest innandørs, kan du bruke tida i det økonomiske landskapet med nokre enkle økonomivettreglar frå Mats Solheim på vegen.
Les heile saka

Vårsjekken på hus og hytte

Etter ein lang vinter med kulde og nedbør vil ein grundig vårsjekk på hus og hytte bidra til å identifisere potensielle problem og førebygge skadar, noko som kan spare deg både tid og pengar på lang sikt.
Les heile saka