Blogg

Sponsing og gåver

Gåver og sponsing
 

Saman med vår største eigar, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, har vi delt ut 110 000 000 kroner til idrett og kultur i fylket vårt dei fem siste åra, både gjennom sponsorarbeid og gåvetildelingar.

Sponsor

Gjennom vårt sponsorarbeid ønskjer vi å vere ei drivkraft for fylket ved å gi noko tilbake til samfunnet. Vi prioriterer sponsoravtalar med felles kjerneverdiar med banken, og ønskjer å satse på grupper, lag og organisasjonar som jobbar for og med born og ungdom. Vi likar helst langsiktige sponsorsamarbeid, og har mindre fokus på frittståande arrangement og sponsing av einskilde personar.

Her finn du ei oversikt over våre aktive sponsoravtalar pr. 2015.

Kontaktperson for sponsorarbeidet vårt er marknadssjef Gunn Aase Moldestad: gunn.aase.moldestad@ssf.no 

Gåvetildeling

I tillegg til sponsorarbeidet deler Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ut gåver til allmennyttige tiltak. Der er det to hovudrundar med tildelingar, ein med søknadsfrist 1. mars og ein med søknadsfrist 1. september. I tillegg til hovudrundane er det mogleg å sende ein “forenkla søknad” heile året, for deg som treng mindre beløp raskt (inntil 10 000 kroner). Les meir om søknadstips og krav til søknadane.

Gå til søknadsskjema

Kontaktperson for gåvetildelingane er kultursjef Pål Fidjestøl: paal.fidjestol@sparebankstiftinga.no

comments powered by Disqus