Vegvisaren frå Lærdal

IvarPetterGrotte400
Ivar Petter Grøtte ivrar for kunnskap, innovasjon og samarbeid. Artikkelforfattaren meiner denne haldninga er svaret på mange av utfordringane i Sogn og Fjordane. (Foto: Arve Sandal)

«Spør du Ivar Petter Grøtte om suksessoppskrifta, svarar han kjapt med eit ord; samarbeid.»

Bøndene i Lærdal imponerer meg. På få år har dei blitt best i landet på morelldyrking. 150 – 200 tonn, eller rundt halvparten av det norske forbruket av desse velsmakande fruktene, kjem no frå Lærdal. Bøndene har tatt i bruk nye produksjonsmetodar, mellom anna for å motverke frost i blomstringa. Dei har investert i digitale maskinar som sorterer frukta effektivt og sikrar kvaliteten ut til forbrukarane.

 

 

Ein av fruktdyrkarane er Ivar Petter Grøtte med 4000 morell- og aprikostre på garden sin. Han har vore ein pådrivar for å søke ut til andre land og jakte ny kunnskap til utvikling av produksjonsmiljøet i Lærdal Grønt. Lite av det morelldyrkarane i Lærdal gjer i dag, gjorde dei i 2000 då den fyrste større plantinga tok til. Kontinuerleg fornying og stadig betre samarbeid mellom bøndene er mykje av forklaringa på suksessen.

EU-midlar
Vestlandsforsking i Sogndal rundar 30 år i haust. Det vesle forskingsinstituttet har på desse åra klart å få tak i nesten ein halv milliard kroner til ei mengd forskingsprosjekt i fylket, i landet og rundt i Europa. Ivar Petter Grøtte er forskingsleiar for IT-avdelinga på Vestlandsforsking. Eit av hans mange gjeremål er å skrive gode prosjektsøknadar til EU og Brüssel. Det har han lukkast overmåte godt med saman med gode kollegaer heime og i diverse EU-land. 10-15 prosent av budsjetta til Vestlandsforsking er midlar frå EU. Ingen andre regionale forskingsinstitusjonar i Norge kan vise til maken.

IT-suksess
Dei to siste åra har vesle Sogn og Fjordane stokke av med frå 20-25 prosent av dei dei nasjonale midlane til breibandutbygging. Forklaringa er gode prosjekt og særs gode søknadar frå fylkeskommunen og det spenstige miljøet i IT-forum Sogn og Fjordane der Ivar Petter Grøtte har vore ein ressursperson sidan etableringa i 1995. Tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte var ein annan sentral person i IT-forum som saman med Vestlandsforsking stod for opptakten til den statlege informasjonsportalen Norge.no. I dag har dette miljøet vokse til 95 kunnskapsbaserte arbeidsplassar i DiFi på Hermansverk.

Godt samarbeid er svaret
Om du lurer på kvifor eg fortel om desse suksesshistoriene med teknologen og bonden frå Lærdal i sentrum, er det fordi eg ser ein kvalitet og ei haldning som Sogn og Fjordane skulle hatt meir av. Spør du Ivar Petter Grøtte om suksessoppskrifta, svarar han kjapt med eitt ord; SAMARBEID. Igjen og igjen framhevar han verdien av samarbeid for å oppnå utvikling og resultat.
Gjennom samarbeid har bøndene i Lærdal skapt eit kompetansemiljø på frukt og bærdyrking. Kjøp av dyre sorteringsmaskinar hadde ikkje vore mogleg utan eit sterkt produsentlag. IT-forum Sogn og Fjordane har så langt eg veit aldri vore hemma av splid og konfliktar. I alle desse 20 åra har medlemmene frå både privat og offentleg sektor vore opptatt av at alle regionane i fylket skulle få del i breibandutbygginga. I dag er digitalisering og automatisering ein av dei store drivarane i samfunnsutviklinga. Utan det konstruktive fagmiljøet i IT-forum Sogn og Fjordane hadde både næringsliv og offentlege etatar vore langt dårlegare rusta til å hevde seg i åra framover.

Samfunnsentreprenør
I 2013 vart Rolf Navarsete i Sogndal med rette utropt til årets samfunnsentreprenør i Norge. Rolf var ei sentral drivkraft for oppbygginga av Fosshaugane Campus der det til saman er investert 1,4 milliardar kroner dei siste åra i skule, idrett og næringsliv. Den gode Navarsete var tidleg klar på at storsatsinga rundt Sogndal Fotball berre var mogleg dersom alle gode krefter gjekk saman om felles mål. Kommunen, fylkeskommunen, staten og næringslivet var på same lag og fekk den nye utviklingsmotoren i Indre Sogn i sving. Kåre Lerum brukte same oppskrifta då han gjekk i bresjen for Fjærlandsvegen som verkeleg knytte Indre Sogn saman med resten av fylket.

Framtidsretta
Ivar Petter Grøtte likar neppe denne artikkelen. Han er ikkje ein mann av store ord og sjølvskryt. Han er først og fremst opptatt av resultat i sine mange prosjekt i Lærdal, i Sogn og Fjordane og i EU. I mine auge er han ein samfunnsentreprenør i ordets rette tyding. Han les trendane tidleg nok til at vi kan utnytte dei på vår måte. Han hentar kunnskap og innovasjon til miljøa han er ein del av, og ikkje minst ivrar han for at samarbeid er den unike sjansen små samfunn har til å lukkast. Eg er sikker på at denne haldninga er svaret på mange av utfordringane i Sogn og Fjordane. Ved å stå saman og gjere kvarandre gode, løfter vi fylket inn i ei ny tid.

comments powered by Disqus