Unngå pengesluk på storbyferie

Våren er komen fleire stader i landet, og etter fleire månadar i vinterdvale er det for mange godt å få lufta seg litt. Ein storbyferie gir deg muligheit til å nyte mat, kultur, shopping og lekre hotellopplevingar over ei langhelg. Men som mange andre feriar, er det lett at ferien kan ende som eit stort pengesluk. Her kjem  eit par tips og triks til korleis ein kan bruke pengane litt smartare dersom ein skal ut på ein liten luftetur i nærmaste framtid.

Først og fremst er det greitt å vere bevisst på kva du ønskjer å oppleve, og gjere nettopp dette. Ta derfor med deg eit reisefølge som deler dei same ønska. Er nye matopplevingar noko som betyr mykje for deg, så bruk pengar på dette.  Vidare skal det nemnast at å bruke pengane smart ikkje betyr at du skal spare kroner på kvart kjøp du gjer, men heller at kronene du brukar skal vere av høgast mogleg verdi for deg.

Å planlegge turen i forkant er absolutt første steg for å unngå eit unødvendig høgt forbruk på tur. Google er her ein nyttig kamerat for finne ut kva som er verdt å få med seg, samt venner og kjente som har vore der tidlegare. Mange typiske turistattraksjonar er mogleg å booke i forkant, og her er det mykje tid og pengar spart. Restaurantbesøk kan også bestillast i forkant, og sjekk gjerne anmeldingar av restauranten på for eksempel TripAdvisor. Dette sikrar deg ikkje berre gode matopplevingar, men også at ein unngår å hamne på restaurantar like ved turistattraksjonar, der ein  lunken pizza kostar ei formue.

Tenk utradisjonelt. Det er mykje pengar å spare ved å reise når ikkje alle andre reiser, så om du har muligheit så legg reisa utanfor fellesferien, heilagdagar og helger. Tenkt også på kva hotell og lokalisering som er viktig for deg. Kanskje er det ikkje behov for det dyraste hotellet om du uansett skal vere ute heile dagen. I dei fleste storbyar er det også godt utbygd kollektivtransport så då treng ein kanskje ikkje å bu midt i smørauget likevel.

For mange er nok shopping ein liten del av det å vere på storbyferie. Å ha ein god plan på kva du ynskjer å kjøpe gjer det lettare å unngå bomkjøp. Har du noko du har ynskt deg lenge, så er det ekstra kjekt å kjøpe dette når du er på tur. Då slepp ein også at den dårlige samvita skal komme i etterkant av at ein drog kortet.

Ikkje nok med at ein kan spare mykje ved god planlegging i forkant, men ein godt pakka koffert gjer også at du slepp å handle mykje unødvendig. Ta med deg det du treng til opphaldet og lag plass til eventuelle kjøp, så slepp du å måtte kjøpe mykje av det du allereie har heime.

No som mykje allereie er planlagt er det berre å nyte opphaldet, og det med god samvit! Her skal det nemnast at det ofte er kjekt å kunne ha mogelegheit til å vere litt spontan også. Så dersom moglegheita først byr seg, så ta den. Ser du plutselig draumeveska, så kan du kanskje bruke noko av dei pengane du hadde spart opp/eventuelt utsette andre kjøp. Slikt angrar ein sjeldan på!

comments powered by Disqus