Tre nye traineear på plass

F.v.: Stine Austreim Olsen, Andreas Campbell Pedersen og Christina Tønset ser fram til traineeåret sitt i Sparebanken Sogn og Fjordane

Ein ville flytte heim igjen til fylket, ein kom hit for kjærleiken og ein blei lokka av bu i kollektiv med kompisen. Felles for våre tre nye traineear er at dei ønskjer seg ei bratt læringskurve innan finans og forretningsutvikling. 

– Eg trur og håpar på at eg får jobbe med veldig mykje forskjellig, seier Christina Tønset frå Røros.

Saman med Stine Austreim Olsen frå Høyanger og Andreas Campbell Pedersen frå Brumunddal utgjer dei trekløveret som skal vere traineear hos Sparebanken Sogn og Fjordane det komande året.

Tønset har ein mastergrad i teknologileeiing frå NTNU og skal innom fleire avdelingar som ligg under forretningsutvikling i banken. Og nettopp det meiner ho er fordelen med ei traineestilling.

– Eg veit ikkje heilt konkret kva eg vil jobbe med seinare, og då er det kjekt å kunne få eit innblikk i ulike avdelingar i løpet av dette året. Det skjer mykje spennande med teknologi innanfor bank for tida, og eg gler meg til å vere med på det. Og så bur kjærasten min her, så å få ei traineestilling her, passa midt i blinken, smiler ho.

Lokka av fjell og kollektiv
Andreas Campbell Pedersen har master i samfunnsøkonomi frå NTNU, og skal jobbe som finansmeklar i traineeåret sitt.

– Til no har vi berre jobba teoretisk på studiet, men no skal det bli kjekt å bruke all teorien og forstå korleis eksterne ting påverkar økonomi, og korleis ein bank jobbar med dette. Eg er veldig interessert i det makroøkonomiske, og no får vi ei veldig praktisk tilnærming på det, seier han.

At han endte opp i Førde, forklarer han med at han blei lokka av fjella og naturen.

–  Eg fekk tips om å søke på stillinga frå ein kompis, som også jobbar i banken. Og når han i tillegg kunne tilby meg å leige rom hos han, var avgjersla ganske enkel. Så no bur vi i lag, et frukost i lag, jobbar i lag og trener i lag. Det kan bli litt mykje, men eg trur det skal gå bra, seier han.

Heimflytta frå Bodø
Stine Austreim Olsen kjem frå Høyanger og er utdanna siviløkonom med mastergrad i energileiing. I banken skal ho jobbe på kundesenteret, og skal blant anna vere med på eit prosjekt som skal gjere dagens kundeservice endå betre.

– I slike oppgåver må ein alltid sette kunden først, og eg trur resultatet av prosjekt skal bli veldig bra, seier ho.

Olsen ville gjerne flytte heim, og er storfornøgd med å ha kapra ei av traineestillingane.

Traineeordninga er viktig for bedriftene
Det er Framtidsfylket som organiserer traineestillingane og gjennomfører også traineesamlingar gjennom året. Sparebanken Sogn og Fjordane er ein av eigarane av Framtidsfylket og hadde første trainee på plass allereie i 2004. Søkartala har vore gode kvart år, og utvelginga er ofte ein krevjande prosess.

– Vi er veldig heldige som får så mange og gode søkarar. Vi er opptatt av at både dei og vi skal få noko relevant ut av traineestillinga, seier HR-direktør Janne Marie Solheimslid.

Ho meiner traineeordninga er viktig for bedriftene i fylket.

– Som trainee får du eit springbrett inn i arbeidslivet, og eg trur bedriftene som er med får mykje igjen for det. Vi har som mål at traineeane etter traineeåret skal gå over i ei fast stilling i banken. Eg trur dette er eit mønster som går igjen hos dei andre bedriftene som er med i ordninga også, seier ho.

Godt arbeidsmiljø
Etter tre veker i banken har dei tre traineeane fått ein varm velkomst.

– Vi har helst på veldig mange folk, det går heilt i surr med namn og ansikt, men vi lærer vel etterkvart, seier Tønset.

Dei tre ser fram til ei bratt læringskurve, og å få prøve mykje forskjellig.

–  Eg har merka at det er eit godt arbeidsmiljø i banken, med mykje humor og god takhøgde. Og humoren er stort sett god, meiner Pedersen.

comments powered by Disqus