Set opp buss til sykkelfesten

 height=


Fakta om Tour des Fjords

  • Etappen vil gå frå Balestrand til Førde via Gaularfjellet, Rørvikfjellet, Moskog, rundt Jølstravatnet og ha målgang i Førde Sentrum.
  • Med avsluttande sykling i Førde sentrum før ryttarane går i mål vil etappen bli på totalt 190 km.
  • Høgste punktet på etappen er 750 m.o.h.
  • Opp Gaularfjellet får syklistane bryne seg på ei 10 km lang samanhengande stigning der snittstigninga er på 7,2 %.
  • Rørvikfjellet blir etappen sitt nest høgste punkt med sine 532 m.o.h.
  • Start og målgang i Balestrand og Førde ligg begge på 5 m.o.h.
  • Interessa for å sjå syklistane i Tour des Fjords slite seg opp Gaularfjellet og Rørvikfjellet 24. mai er stor. I samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane og busselskapa i fylket set arrangørane no opp bussar slik at fleire kan få oppleve ein av dei to fjelletappane.

    – For oss er det viktig å bidra til folkefesten, og i samarbeid med arrangørane ønskjer vi no å få folk ut langs løypa for å skape stemning og ei ekstra god ramme både for publikum, ryttarar og TV-sjåarar, seier Roy Stian Farsund, banksjef bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.

    Bussane vil gå frå Førde og Sande til Rørvikfjellet og frå Førde, Sande, Høyanger, Balestrand, Dragsvik og Sogndal til Gaularfjellet. I tillegg vil det bli sett opp bussar frå Naustdal til Førde.

    Les meir om Tour des Fjords. 

    – Etappen frå Balestrand til Førde via Gaular og Jølster er ei naturoppleving og ei perfekt ramme for eit sykkelritt. Vi ønskjer å ha eit stort publikum langs løypa som kan ta del i opplevinga og er veldig takksame for initiativet frå Sparebanken Sogn og Fjordane. No kan folk sjå ryttarane på nært hald ute i løypa og i tillegg få med seg målgang i Førde, seier dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling.

    På grunn av omfanget av rittet vil enkelte vegar bli stengde i forkant av rittet. Dette i kombinasjon med liten parkeringskapasitet på Gaularfjellet og Rørvikfjellet gjer at arrangørane set opp bussar til utvalde plassar langs løypa.

    Sparebanken Sogn og Fjordane viktig sponsor
    Sparebanken Sogn og Fjordane går inn som sponsor både for Tour des Fjords i Stavanger og for dei lokale arrangørane.

    – Målet med arrangementet er å forsterke fokuset på sykkel som transportmiddel, treningsform og opplevingar og skal medverke til engasjement, glede, spenning og folkefest for alle. Det ønskjer vi sjølvsagt å vere med på. Det er også ei glede å sjå at vi nok ein gong har evne til å ta på oss ansvaret for store arrangement. Dette vitnar om eit rikt organisasjonsliv med sterk dugnadsvilje og profesjonelle lokale aktørar. Ikkje minst er dette ein god måte å viser fram fylket vårt på, seier Roy Stian Farsund.

    Stort engasjement frå Sogn og Fjordane
    Sjef for Tour des Fjords, Roy Hegreberg, er godt nøgd med engasjementet som blir vist for Tour des Fjords i Sogn og Fjordane.

    – Det er kjekt å sjå at både næringslivet, publikum og kommunane som arrangørar går så heilhjerta inn for arrangementet. Det er viktig for oss og vil vere med på å kunne utvikle Tour des Fjords vidare.

    Den første etappen av årets Tour des Fjords vil starte i Balestrand og ta syklistane over Gaularfjellet og Rørvikfjellet via Moskog, rundt Jølstravatnet og til mål i Førde.

    – Etappen frå Balestrand til Førde er noko av det mest spennande Sogn og Fjordane og Vestlandet har å by på når det kjem til variert natur. Landskapet passar ypparleg for ei sykkeletappe og vil skape gode opplevelsar for både ryttarar, TV-sjåarar og publikum langs løypa,seier daglig leiar i Tour des Fjords, Roy Hegreberg.

    Andre etappe startar i Brekke i Gulen og tek syklistane til Norheimsund i Hordaland. Tour des Fjords vert avslutta i Stavanger den 28. mai.

    Stort rullande sirkus
    Rittet vil i 2017 bestå av 24 lag med 6 ryttarar på kvart lag. Det er venta ekstra stor merksemd rundt Tour des Fjords i 2017 sidan sykkel-VM blir arrangert i Bergen i etterkant av Tour des Fjords.

    TV2 vil sende 3 timar frå etappen. Det vil vere sending i forkant av starten i Balestrand, direkte frå løypa under sjølve rittet og etter målgang i Førde. Under 2015-utgåva av rittet følgde omlag 1 million norske tv-sjåarar sendingane. I tillegg fekk rittet tv-dekning også utanfor Norges grenser.

    comments powered by Disqus