Student? Få pengane til å strekke til i studietida

Sparetips til studenterVi har samla ein del gode tips til korleis du kan få pengane til å strekke til i studietida.

1. Lag eit budsjett så veit du kva du har å rutte med kvar månad.

2. Kanskje du kan få kjøpt bøkene du treng brukt? Dei fleste førelesarane godtek eldre utgåver av det som står på pensumlista.

3. I august og januar kjem det ekstra store betalingar frå Lånekassen. Brukar du ikkje alt her, kan du sette det som er til overs på sparekonto. Treng du pengane i løpet av semsteret, kan det vere lurt å dele beløpet på fem, og sette av fast trekk til brukskonto kvar månad. Har du alle pengane dine ståande på brukskonto, er det fort gjort å bruke meir pengar enn du treng.

4. For all del, kast aldri mat! Middag i dag er lunsj i morgon. Kjøp mat i kvantumspakkar. Rissekk frå «asiabutikkane» mettar lenge. Lag porsjonar av mat og frys ned. Ein lasagne kan fort gi fem-seks lunsjar eller middagar for under hundrelappen. Sjekk alltid kilo-/literprisen i butikkane, og sjekk tilbod i dei ulike butikkane. Det er heller ikkje alltid det lønar seg å kjøpe ein stor «sparepakke» i staden for to små. Følg med! Ein god gammaldags matpakke kostar ikkje skjorta.

5. Dropp å kjøpe kaffi og anna drikke på kioskar eller på skulen. Invester heller i ein god termos eller drikkeflaske og ta med medbrakt.

6. I staden for å gå på shopping, arranger bytekveldar med venner. Kanskje kan buksa venninna di er lei av, bli ei ny bukse for deg. Må du først kjøpe noko nytt, så kjøp noko som kan kombinerast med plagg du allerede har og kan brukast til mykje.

7. I staden for å bruke mykje pengar på å gå på restaurant, kva med å invitere vener heim til spleisemiddag? Kanskje med eit tema som til dømes «indisk aften»?

8. Skaff deg ein deltidsjobb. Les 10 tips til korleis få deltidsjobb. 

9. Ein MÅ ikkje ha medlemskap i treningsstudio for å trene. Bruk naturen!

10. Bruk studentkortet ditt og få studentrabatt! Du kan til dømes få studentrabatt hos tannlegar, frisør, etestader og i kollektivtrafikk. Hos frisør kan det forresten også løne seg å gå til ein lærling, dei tek ofte redusert pris.

 

Les fleire studenttips her

comments powered by Disqus