Stor innovasjonskraft i nye samarbeid

Først opna Lefdal Mine Datacenter, så kom Hennar Majestet Dronning Sonja på besøk for å opne Loen Skylift og så suste syklistane i Tour des Fjords gjennom fylket vårt. Tre prosjekt som på kvar sin måte tilfører fylket mykje positiv merksemd, og som viser at ein må våge litt for å vinne.  

Loen Skylift har mål om å frakte 50 000 turistar første året.

Same dagen som datasenteret opna, gjekk Næringsdagane med tema «Skapt i Sogn og Fjordane» av stabelen i Loen. Eit positiv framsnakk av det lokale næringslivet og moglegheitene våre, av det grøne og det digitale skiftet. Og det med rette, for det skjer verkeleg mykje spennande nyskaping i fylket om dagen. Lefdal er eitt eksempel på dette. Lærdal Grønt og deira høgteknologiske morellproduksjon, Fjord1 og deira nullutsleppsteknologi, Nekst sitt landbaserte oppdrettsanlegg, Tibber si tilpassa styring, innkjøp og lagring av straum, det nye IT-studiet på Høgskulen på Vestlandet, og fleire andre føyer seg inn i same rekka.

Og så er det Loen Skylift; pendelbana som på 7 minutt fraktar turistar frå fjord til fjell har endeleg blitt ein realitet. Med ein spektakulær utsikt, eigen restaurant på toppen av Hoven og moglegheit til å kombinere turen vidare med Via Ferrata Loen og andre fjelltoppar i nærleiken, vil dette gjere Loen og Hotel Alexandra til ein endå tydelegare turistdestinasjon dei komande åra. Felles for alle desse prosjekta er at dei satsar og investerer for å møte ein auka konkurranse og endringane som treff dei ulike bransjane.

Den fjerde industrielle revolusjonen
I april samla Sparebanken Sogn og Fjordane over seksti leiarar frå næringslivet i heile fylket til ei samling over to dagar like utanfor Stockholm. På timeplanen stod digitalisering, nettverksbygging og kunnskapsdeling.

Bente Sollid om den fjerde industrielle revolusjonen

Ein av føredragshaldarane var Bente Sollid, CEO i ESV Digital, Nordic som snakka om den fjerde industrielle revolusjonen. Den er digital og basert på teknologi, og er allereie godt i gang med å endre konkurransesituasjonen radikalt. Det føregår store endringar i oppbygging av forretningsmodellar, korleis pengane flyt og verdiane vert skapte og levert. Innovatørane ser etter bransjar som er kjenneteikna av ineffektivitet, fordyrande mellomledd og aktørar som profitterer på manglande openheit. Nye innovatørar kjem på bana og riv ned gamle monopol, kundeåtferda endrar seg og dermed stuper inntektene for dei som allereie er i bransjen. Når slike digitale makroskift forandrar alle bransjar, er det ei perfekt tid for innovasjon for motgang tvinger bedriftene til å tenke nytt, spesielt når den nye konkurransen i tillegg er global.

Så med ein global konkurranse, kva då med Norge, og ikkje minst; kva med Sogn og Fjordane? Vi har rikeleg av ressursar og moglegheitene ligg nesten like utanfor døra vår; vi har kystlinje, vindkraft, vasskraft og jordbruk. Vi har teknologiklynger blant anna i Måløy, Førde og Sogndal. Og vi har viktige utdanningsinstitusjonar, ei sterk turistnæring og vi har fleire høgteknologiske kompetansebedrifter. Mange er godt i gang med å utnytte og vidareutvikle desse næringane, og vi vil sjå meir nyskaping på desse områda dei komande åra.

Krevjande rekruttering
Samstundes som det skjer mykje spennande i fylket, har vi også nokre utfordringar framfor oss. Robotane snur opp ned på bransje etter bransje, kompetansekrava i arbeidsmarknaden er i endring, og kven vil eigentleg bu i fylket vårt?

I følgje NAV si Bedriftsundersøking er bedriftene i fylket dei minst positive når det gjeld å auke tal tilsette. Det kan skuldast både manglande vilje, eller at ein ikkje får tak i dei folka ein treng for å vekse. Sogn og Fjordane er blant dei fylka som har størst rekrutteringsproblem, der 16 prosent av verksemdene svarte at dei har mislukkast med rekruttering i løpet av dei 3 siste månadane, eller at dei måtte tilsette nokon med lågare kvalifikasjonar enn ønska.

Konsekvensane av at Sogn og Fjordane ikkje får på plass rett kompetanse, er at vi hamner bakpå i digitaliseringa. Det er derfor kritisk at ein jobbar for å gjere fylket attraktivt ikkje berre for heimflyttarar, men også for innflyttarar som ikkje har røter i fylket frå før. Då er det ikkje nok at stillinga som er utlyst er spennande, den finst truleg andre stader også sidan fleire og fleire bedrifter søker den same kompetansen. Skal ein få nokon til å flytte hit må andre ting enn sjølve jobben også vere på plass som til dømes kulturtilbod, velfungerande offentleg transport, naturopplevingar, eit fagleg nettverk, sosiale møteplassar, barnehagetilbod osv. Og ikkje minst bør der vere god nok variasjon i jobbtilboda slik at ein eventuell sambuar også kan finne jobb her og vere med på flyttelasset. Vi er gode på nokre av desse, medan andre punkt kan og bør bli betre.

Reodorklubben lar unge skape, forske og prøve.

Kva er suksessoppskrifta?
Hadde vi visst det, hadde vi kanskje ikkje trengt verken toppleiarsamlinga eller Næringsdagane. At framtida er no, er for lengst blitt ein klisjé. Det er ingen som veit kva endringane vi står midt opp i inneber og kva som skal til for og lykkast. Men det vi veit, er at det blir avgjerande å ha rett kompetanse, og at det næringslivet no etterlyser, er innovatørar, datadrevne forretningsutviklarar, operasjonelle rådgjevarar, dataanalytikarar og matematikarar.

Under Næringsdagane la fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, mykje av ansvaret for rett kompetanse på bedriftene sjølve. Bedriftene må ta digitaliseringa på alvor, og manglar dei rett IT-kompetanse må dei skaffe seg den. I tillegg må dei ta ansvar med tanke på rekruttering til eigen bransje. Han peika også på at ein i større grad må klare å få flyktningar inn i arbeidslivet gjennom arbeidstrening og god språkopplæring. Å få dei unge interessert i realfag og gründerverksemd, er heilt essensielt, og her er til dømes Reodorklubben i Førde ein viktig bidragsyter. «Det handler om å lære, men også om å gjøre», skreiv Jonas Gahr Støre etter at han nyleg besøkte klubben.

Vi må våge å spele kvarandre gode i staden for å berre sjå på andre som konkurrentar, og det gjer vi best når vi samlast, utvekslar idear og tenker nytt i lag. Toppleiarsamlinga i Stockholm var den fjerde i rekka, der næringslivsleiarar kjem saman og får gjere nettopp det. Høgskulen på Vestlandet si nye IT-utdanning, som startar opp allereie til hausten, er eit direkte resultat av fjorårets toppleiarsamling på Færøyane der Sparebanken Sogn og Fjordane lova 10 millionar til utdanning over dei tre neste åra. For når ein ser endringane som følgjer av det digitale skiftet, er ny kompetanse innan IT høgt ettertrakta i bransje etter bransje, og derfor er dette eit viktig satsingsområde for banken og næringslivet i fylket.

Det skjer utan tvil mykje i spennande i fylket om dagen. Hadde det ikkje vore for dugnadsånd, stå-på-vilje og gjennomføringsevne hadde det verken blitt Tour des Fjords, datasenter eller pendelbane her i fylket. Moglegheitene er der; vi må berre gripe dei, våge å satse, våge å investere og vere open for nye samarbeid.

comments powered by Disqus