Sparetips til lærlingen

Lærlingtida er ein spennande del av livet, og steget frå klasserommet til arbeidslivet byr på nye utfordringar, rutinar og ikkje minst eit nytt forhold til økonomi. For mange er det uvant å skulle få ei fast inntekt, og andre synes kanskje dette med sparing er litt vanskeleg.

Startar ein tidleg med sparinga står ein ofte i posisjon til å kunne kjøpe bustad tidleg. Ein annan fordel som lærling er at ein slepp lån frå Lånekassen. Som lærling har ein altså ofte stort potensiale for tidleg sparing, så her kjem nokre tips som vil hjelpe deg å kome i gong.

Lag budsjett og få oversikt
Lærlingtida betyr auka inntekter, men kan også bety auka utgifter. Ein må gjerne begynne å betale fleire av rekningane sine sjølv, og dei som flyttar heimanfrå vil oppleve å måtte legge ut for husleige og mat. Dette kan opplevast som eit flytande rot, og det kan vere vanskeleg å føle at ein har kontroll.

Vårt tips? Få oversikt! Å setje seg ned og lage eit månadleg budsjett høyrast kanskje tørt og kjedeleg ut, men det er ikkje så tidkrevjande, og du får mykje att for det. Sett opp kva inntekter og utgifter du har, og prøv å skilje mellom kva utgifter som er nødvendige og ikkje. Eit godt strukturert budsjett vil gje tydeleg svar på kva potensiale ein har til sparing i månaden.

Les også: Korleis få stipendet til å strekke til? 
Les også: Slik får du ein sunnare studentøkonomi.

Spareavtale/fast overføring
Det kan vere vanskeleg å vere strukturert med sparinga, og mange sparar etter «rykk og napp»-metoden. Dette kan fungere godt, men det er også svært fort gjort å skli ut. Difor tilrår vi å opprette fast overføring til sparekonto på lønningsdagen. På denne måten går sparinga av seg sjølv. Dette kan ein enkelt setje opp i nettbanken under «Meny», «betaling/overføring» og «fast overføring». Kva beløp du set over kvar månad er opp til deg sjølv – her vil eit budsjett vere til god hjelp. Skulle den faste overføringa vere for lav/høg, kan den justerast i nettbanken.

Kva skal du spare til?
Ein viktig del av sparinga er å finne ut kva føremål ein skal spare til. Som ung i banken kan du spare på ulike kontoar til ulike føremål – anten det er langsiktig eller kortsiktig:

  • Buffersparing: Om du vil spare til uføresette utgifter eller for å «ha litt å gå på», vil ein Sparekonto Privat vere gunstig. Her låser ikkje pengane seg, og er du over 18 år kan du ta ut pengar sjølv.
  • Bustad: Å spare til bustad er eit langsiktig prosjekt, og med stigande bustadprisar gjeld det å kome i gong med bustadsparinga tidlig. Ein BSU-konto gjev i tillegg til god rente, eit skattefrådrag på 20% av det du sparar på kontoen i året. Merk at desse pengane låser seg til bustadføremål ved nyttår.
  • Enkeltføremål: For mange er det aktuelt å spare til meir kortsiktige prosjekt, som sertifikat, bil, ferietur eller liknande. Då er ein Sparekonto Høgrente fin – den gjev ei god rente, og låser pengane til du skal bruke dei.

Vi håpar desse tipsa vil hjelpe deg med sparinga. Har du spørsmål om sparing er det berre å ta kontakt med kunderådgjevar – kontaktinformasjon finn du i nettbanken. Då står det berre att å seie lukke til med lærlingtida og sparinga!

comments powered by Disqus