Slik unngår du kredittkortsmellen på nyåret


Er du ein av dei som endar opp med å kjøpe julegåvene i all hast, nyttar deg av dyre i-siste-liten-løysingar og startar nyåret med ei kredittkortrekning som ikkje lar seg betale? Ved å starte planlegginga litt tidlegare, kan du spare deg for stresset og kose deg i juletida med god samvit.

Planlegging av økonomien er viktig året rundt, men særleg i desember og november. Og ettersom førebuingane til jul allereie har starta i butikkane, vil vi hjelpe deg med å førebu økonomien din også, slik at du kan spare pengar på både gåvehandelen og andre utgifter i julestria.

Rimelegare julegåvehandel
Set opp ein plan: Kartlegg kven du skal kjøpe gåver til, kor mykje du skal bruke på kvar person, og kva denne personen vil sette pris på å få.

  • Begynn tidleg: Ved å begynne handelen tidleg fordeler du utgiftene utover lønningane, og kan i tillegg spare på å handle gåver på tilbod, til dømes på nattope. Ver merksam på at bytteretten er lang nok til at mottakaren kan bytte gåvene, og at den ikkje forsvinn ved kjøp av varer som er på sal.
  • Gje opplevingar: Kanskje blir det gåva som lovar ein tur på fjellet eller eit kafébesøk, som skil seg ut frå bunken under treet. Gode minner er ofte den beste gåva ein kan få!

Ein plan for gåvehandelen kan til dømes sjå slik ut:

Reduser andre kostnadar i julestria

  • Lag eit julebudsjett: Planlegg kva du skal handle inn av mat, pynt og anna julekos. Når ein har oversikt over kva ein skal ha blir det lettare å handle på tilbod, samt å unngå å kjøpe meir enn naudsynt.
  • Sett av frå novemberløna: Dersom du er tidleg ute kan det vere eit god tips å sette av litt pengar fram mot desember. For dei fleste blir jula alltid dyrare enn ein trur.

Nyt førjulstida – men husk at du skal betale kredittkortrekninga i januar!

comments powered by Disqus