Sju sortar banktips til jul

 

Kalendaren har bikka desember og julestemninga har allereie spreidd seg til alle krikar og krokar i mange heimar. I denne tida er det mange som spring rundt på dei ulike shoppingsentera for å finne dei perfekte julegåvene til sine næraste. I tillegg skal det bakast julekaker, helst sju sortar! Julehandel og alt anna som skal ordnast til jul, kan fort bli dyrt. Vi har derfor samla sju sortar banktips til deg slik at du kan halde fram med julehandelen og samstundes gå inn i det nye året med orden på økonomien.


1: Bruk småsparing.
I desember dreg du kanskje kortet meir enn dei fleste andre månadane. Då kan det vere nyttig for deg å opprette småsparing slik at det går eit lite beløp inn på sparekontoen kvar gong du bruker kortet. Det er heilt gratis, du bestiller det i nettbanken og du kan slette det når du sjølv ønskjer.

2: Unngå purringar på rekningar som blir liggande i postkassa, bruk avtalegiro. Då vert rekningane automatisk betalt på forfallsdato i nettbanken. Ein ting mindre å tenkje på mellom all handelen, pyntinga og julebaksten. Du kan enkelt opprette det i din eigen nettbank.

3: La barna bruke kort i staden for kontantar viss dei skal på julehandel åleine.  Då slepp du som forelder å ta ut kontantar, og det er verre dersom barna mistar kontantar enn viss dei mistar kortet. Kortet kan lett sperrast og du vil fortsatt ha pengane på kontoen, med kontantar vil dei mest sannsynleg vere vekke.Vi har to typar bankkort for barn; eitt for dei som er under 13 år,
og eitt for dei som er mellom 13 og 18 år. 

4: Hald oversikten på saldoen med mobilbanken. Kortet kan fort gå litt varmt når du er ute og handlar til jul, og med mobilbank har du full oversikt. Du treng berre logge inn med fødsels- og personnummer og ein sjølvvald firesifra kode. Du kan både sjekke saldo og overføre pengar mellom eigne konti utan kodebrikka. «Banken i lomma» – enkelt og greitt! Klikk her for å sjå korleis du bestiller mobilbank. 

5: Gi fondssparing eller VISA Gåvekort i julegåve. Mange slektningar eller vener ønskjer kanskje å gi pengegåve til barn eller ungdom til jul. Kva med å gå saman og opprette fondssparing i julegåve? Over tid kan fondssparing lønne seg meir enn vanleg banksparing, likevel inneber det ein større risiko å spare i fond. Interessert i å opprette fondssparing? Ta kontakt med oss dersom du lurer på noko. Ønskjer du å gi ei pengegåve utan noko risiko, er VISA Gåvekort ei lur gåve til den som har alt. Gåvekortet kan brukast i alle betalingsterminalar som er merka med VISA, og det kan brukast både i Norge og i utlandet, og til å handle på nettet.

6: Fyll opp BSU-kontoen før nyttår viss du er under 33 år. Ein BSU-konto kan gje deg inntil 5000 kroner mindre i skatt. Dersom du skal få best mogleg utbytte av kontoen, må maksbeløpet vere inne på kontoen før 31.12. Har du allereie BSU? Fyll den opp før slutten av desember slik at du får maks skattefrådrag neste år. Dersom du ikkje har BSU kan du heller vente til nyåret med
å opprette BSU slik at du får større fordel neste år.

7: Har du hugsa bilforsikring? Du skal ikkje sjå vekk i frå at bilen din kan bli bulka i julestria. Bilar i parkeringshus eller på parkeringsplassar rundt kjøpesenter er ofte utsatt for bulking. Vi har bilforsikringa som fyller ditt behov, og har den raskaste bonusopptjeninga som finst på marknaden. Har du kaskoforsikring får du i tillegg ein leigebil i heile reparasjonstida.

comments powered by Disqus