Slik får du kvilepuls i sommar

Fellesferien står snart for døra, og for mange er det berre å sjekke av dei siste punkta på lista før du kan ta litt velfortent fri. Det blir så deilig! Men korleis var det med den sjekklista igjen? Har du hugsa alt? Kanskje for mykje? 

Uansett korleis ferieturen din ser ut i sommar, kan det vere lurt å vere litt kritisk til kva du eigentleg treng å ha med deg når du pakkar kofferten. Det kan godt hende du kan vaske litt kle der du skal feriere, så ti t-skjorter treng du neppe å ta med. Her får du derfor ei lita hugse- og pakkeliste over ting som er viktige å få på plass før du reiser.

  • Sjekk datoar på flybillett, pass og reiseforsikring. Kjedeleg å møte opp på feil dag på flyplassen, og du kjem ikkje langt viss passet ditt er utløpt.
  • Lagre +47 57 82 97 00 på telefonen din i tilfelle du må sperre kortet ditt eller treng anna hjelp med nettbank o.l. Vi har døgnopen kundeservice når det gjeld kort, passord, mobilbank og nettbank.
  • Ta med to kort og litt kontantar. Les meir om trygg kortbruk i utlandet
  • Last ned mobilbanken vår! Den finn du meir informasjon om her. 
  • Reiser du i lag med fleire, hjelper Vipps deg med oppgjeret når det blir mange forskjellege utlegg undervegs.
  • Les deg opp på skikk og bruk i landet du skal besøke så unngår du pinlege situasjonar
  • Søk om visum i tide viss du skal til land som krev det
  • Fyll på aktuelle vaksiner
  • Lagre tlf. nummer til Frende forsikring; frå Norge 55 15 36 00 heile døgnet, alle dager. Frå utlandet ring: +47 21 49 24 14.
  • Om du skal på telttur eller til land med malariamygg, er myggnetting og myggspray eit must
  • Ta backup av viktige dokument som reiseforsikring, helsetrygdekort, førarkort og billettar. Scann og send dei til deg sjølv på e-post i tilfelle du mister lommeboka eller mobilen. Skriv gjerne telefonnummera til bank og sperreteneste i denne e-posten også.
  • Ta med ei lita førstehjelpsveske inkludert bandasje, gnagesårplaster og tablettar mot feriemage.
  • Skal du overnatte på hostel eller kanskje berre søv lett, er øyreproppar og augemaske gull verdt.
  • Last ned ein reise-app med tips og kart, og kanskje ein ordbok-app?
  • Hugs rikeleg solkrem og antibac


Rekordhøge utbetalingar
Har du tenkt på kva du skal gjere dersom lommeboka eller mobilen blir stolen? Korleis du kan varsle dei heime og gi forsikringsselskapet beskjed? I sparebankeigde Frende Forsikring blir vi dagleg kontakta av uheldige kundar, og erstatningane over reiseforsikringa har vore rekordhøge så langt i år. Reisesjukdom og reiseulykke står for rundt halvparten av erstatningsutbetalingane, og i tillegg har tapt reisegods og eigendelar auka det siste året.

Skal du på biltur i utlandet kan du bestille grønt kort; eit bevis på at køyretøyet har ansvarsforsikring. Du må også ha gyldig førarkort, sjølvsagt. Skal du leige bil, er det greit å vite at reiseforsikringa di kan redusere eigenandelen på leigebilen ved skade. 

Når du pakkar er det lurt å ha transporten i bakhovudet, bagasjen skal også tole reisa. Verdigjenstander og knuselege ting bør ikkje sendast som ekspedert bagasje.

Er det nokon heime?
Sjølv om du blir vekke ei helg eller nokre veker, kan du gjerne gi inntrykk av at du er heime. Ei full postkasse og eit mørkt hus roper at huset står tomt! La gjerne eit par lampar vere på i huset når du reiser i frå det. Du kan også la radioen stå på. Ei god løysing kan vere å montere tidsur på nokre lampar og på utebelysninga, slik at dei slår seg på og av medan du er på reise.

Høyr med naboen om de kan klippe plenen for kvarandre i sommar, ta inn posten for kvarandre eller parkere i kvarandre sin oppkjørsel når de er vekke. Står det ein bil parkert framfor huset, trur sannsynlegvis tjuven at det er nokon heime.

Ver også obs på ulike typar merking av hus. Den siste tida har ein sett fleire eksempel på at tjuvar legg ut myntar eller gule lappar på trappa for å sjå om nokon fjernar det. Blir det liggande er det eit signal om at ingen er heime, så kanskje du og naboen kan sjekke inngongspartia til kvarandre.

Testvinnar på reise – år etter år
I april gjenomførte Dine Penger ein stor test av reiseforsikringar, og Reiseforsikringa i Frende er nok ein gong
kåra til ei av Norges beste, og er den rimelegaste av dei beste. Dermed kan du reise i veg heilt ubekymra fordi forsikringa:

  • gjeld på fritida når du ikkje er heime og på reise i heile verda i inntil 75 dagar
  • har ubegrensa dekning for medisinsk behandling
  • har ubegrensa dekning for tapt bagasje
  • har ubegrensa dekning for avbestilling
  • dekker forsinka bagasje inntil kr. 5000 per person
  • har ubegrensa dekning for heimtransport ved sjukdom eller ulykke
  • har dekning for kriseterapi etter ulykke eller skade på reise
  • har norskspråkleg alarmsentral med medisinsk personell alle dagar, heile døgnet
  • tlf i Norge: ring 55 15 36 00 heile døgnet, alle dager. Frå utlandet ring: +47 21 49 24 14.

 

comments powered by Disqus