Sjekk lista over haustens gåvetildelingar

Bildeglimt frå nokre av haustens gåvetildelingar: skiskyttarstadion på Langeland, lysanlegg på Atløy Stadion, skianlegg på Eid, Arena Stryn og fleirbrukshus i Hyllestad.

I årets andre runde med gåvetildelingar frå Sparebanken Sogn og Fjordane blir det delt ut nærare 4 millionar kroner til lag og organisasjonar i fylket. Sjekk lista over kven som får midlar!


Fakta

  • Sparebanken Sogn og Fjordane har to eigarstiftingar; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler.
  • Desse forvaltar overskotet til banken og gir gåver til allmennyttige føremål i samfunnet.
  • Sparebankstiftinga Fjaler har søknadsfrist 1. mars kvart år.
  • Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har to tildelingsrundar, éin med søknadsfrist 1.mars og éin med søknadsfrist 1. september. I tillegg behandlar dei søknader om inntil 10 000 kroner fortløpande.
  • Søknadsskjema finn du på sparebankstiftinga sine nettsider.
  • Totalt har 60 små og store lag og organisasjonar fått positivt vedtak på søknaden sin, og kan dermed vente seg ei hyggeleg førjulsgåve frå banken. Samla sett ligg gåvene for hausten på nærare 4 millionar kroner, og i lag med vårens tildelingar har banken delt ut gåver og stipend i fylket for over 20 millionar kroner i år.

    Pengegåvene skal gå til allmennyttige formål i Sogn og Fjordane, og gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu ved å fremje trivsel, mangfald og utvikling.

    Tennisbane og Hydrogenforsking
    At det er stor breidde og variasjon i søknadane, er det ingen tvil om. På lista finn vi alt frå innkjøp av minibuss, vedlikehald av klubbhus og innkjøp av nye instrument, til bygging av miniatyrskytebane, bygging tennisbane og forsking på Hydrogen som energibærar på Vestlandet.

    Banksjef Elin Aaland sit i gåvenemnda for Indre Sunnfjord, og meiner variasjonen er det som gjer jobben med å vurdere søknadane både spennande og vanskeleg.

    – Det er mange gode prosjekt der ute som tar initiativ og får ting til å skje i lokalsamfunna. Vi er glade for å kunne bidra til at fleire av desse blir realisert. Dessverre kan ikkje alle få positivt svar, men vi oppmodar dei om å søke igjen til neste gåverunde, seier Aaland.

    Sjå heile lista over kven som får midlar

    Sterk sparebanktradisjon
    Dei siste fem åra har Sparebanken Sogn og Fjordane gitt over 140 millionar tilbake til lokalsamfunna i fylket gjennom gåve- og sponsormidlar.

    –  For oss handlar dette om samfunnsansvaret vårt, og at vi følgjer ein sterk sparebanktradisjon ved å gi tilbake til lokalsamfunnet. Det er dette som skil oss frå andre bankar og gjer oss til ein viktig aktør i bygdene, seier adm. direktør Trond Teigene.

    – Det er dei to eigarstiftingane våre som forvaltar overskotet, men gåvene og verdiane er det banken og kundane til banken som har skapt. Vi er stolte over å kunne vere synlege lokalt, både gjennom gåvene, men også gjennom sponsoravtalar, seier Teigene.

    comments powered by Disqus