Oblivion kåra til tryggaste russebilen i Sunnfjord

Russebilen Oblivion klatra heilt til topps då Sunnfjords mest trafikksikre russebil blei kåra i dag. 

Det er Statens Vegvesen som gjennomfører kontrollane og Sparebanken Sogn og Fjordane premierer dei tre mest trafikksikre bilane. I år har Statens Vegvesen hatt 25 bilar innom frå heile Sunnfjord, og 15 har blitt godkjent. Marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunn Aase Moldestad var tilstades og overrekte pengegåvene. Ho uttrykte at det viktig for banken å vere med å fremje tryggleik blant russen.

TOPP TRE: Azkaban, Shalom og Obliovion er dei tre tryggaste bilane.

Arild Bruflot har vore ein kontrollørane og fortel at dei blant anna vurderer det elektriske anlegget, seteombygging, bilbelte og bremser.

– Mange av bilane er over 20 år gamle, og mange av dei står i ro heile året før dei igjen blir russebil når våren kjem. Dette gjer at vi må sjekke det elektriske og bremsene spesielt godt, fortel Bruflot.

Tre bilar frå Hafstad vidaregåande blei topp tre i år, og i dag møttes russen for å motta pengepremiane sine. På andreplass kom Shalom medan Azkaban kom på 3. plass og fekk med seg høvesvis 2000 og 1000 kroner. Oblivion gjekk til topps, og jentene på bilen var både glade og overraska over å få med seg sjekken på 3000 kroner.

– Vi har eigentleg ikkje gått inn for å vinne, men bilen var topp tre i fjor også, så den hadde jo eit godt utgangspunkt. Vi har blant anna to førstehjelpsskrin, brannslukkingsapparat og så har vi sikra suben, fortel Hanne Haugsbø.

Pengepremien skal ifølgje jentene gå til nytt batteri.
– Då får vi det moro med at vi kan høyre på meir musikk utan å vere bekymra for at batteriet blir tomt, seier Guro Stavø Storkås.

 

comments powered by Disqus