Nyttige valutatips til utanlandsferien

Sommarferien nærmar seg og viss ferieturen går til det store utland har du nok allereie betalt for fly- og hotell. Sjølv om dette ofte er dei største utgiftene knytt til turen, kan ein framleis spare pengar på turen med å vere klar over nokre enkle valutatips. Her får du derfor våre beste valutatips kring kort eller kontant i utlandet, kor du eventuelt bør ta ut kontantane og andre lure reisetips. 

Bør ein bruke kort eller kontantar i utlandet?
Norge ligg langt framme når det gjeld kortbruk, noko som har sine fordelar. Det er effektivt, trygt og gir deg betre oversikt over kva du har brukt pengar på. Dei fleste feriedestinasjonar i 2017 tar også kort, noko som er greitt å vite før eventuelt store kontantuttak. Då slepp ein å risikere og sitje igjen med mykje valuta frå eit land du kanskje ikkje skal tilbake til, samtidig som det inneberer ein viss risiko å gå rundt med mykje kontantar. Det er likevel lurt å ta ut litt kontantar i tilfelle du mistar eller blir fråstjelt kort(a) dine på tur, slik at du då har råd til det mest nødvendige. Og sjølv om dei fleste butikkane og restaurantane har betalingsterminal kan det vere mindre butikkar, torg, strandbodar og taxiar kor du kun kan betale med kontantar.

Kontantuttak i Noreg eller i landet du reiser til?
Mange tek ut kontantar i valuta på flyplassen før avreise. Dette er lettvint, men valutakursen som blir tilbydd på flyplassane i Noreg er ofte noko høgare enn valutakursen VISA og MasterCard har forhandla seg fram til i utlandet. Dess meir «spesiell» valutaen er, dess høgare brukar ofte skilnaden å vere. Det vil difor kunne lønne seg å ta ut pengar i landet du reiser til dersom du har behov for det.

Bør ein betale i norsk eller utanlandsk valuta?
Om du får spørsmål om å betale i norsk eller lokal valuta bør du alltid betale i lokal valuta fordi butikkane vil ta eit ekstra omrekningsgebyr viss du betaler i norsk valuta. Den norske kursen vil med andre ord ikkje vere spesielt gunstig for deg. Det same rådet gjeld når betalingsterminalar og minibankar gir deg valet om å overføre pengane i norske kroner før ein tek ut den lokale valutaen. Dette har blitt meir og meir utbreidd, og betyr ofte i praksis at banken eller betalingsoperatøren bestemme valutakursen sjølv, noko som sjeldan vil gå deg til gode.

Her finn du oversikt over prisar for kortbruk i Norge og i utlandet. 

Har du andre valutatips knytt kortbruk og kontantuttak i utlandet? Del dei gjerne med oss under!

Andre tips til ferien:
– Ta med to kort som du oppbevarer kvar for seg
– Bestill BankID på mobil, så slepp du å ha med kodebrikka
– Sørg for at du har mobilbank slik at du enkelt kan halde oversikta over forbruk og kontoar
– Endre regionsperra (denne kan du endre i mobilbanken utan bruk av kodebrikke)

comments powered by Disqus