Nynorsk som merkevare, går det an?

I Sparebanken Sogn og Fjordane gjer vi ein god del endringar for tida; vi endrar strategiar, slagord og innhald. Vi endrar bemanning, kontorstruktur og produkt. Noko blir tatt vekk, noko nytt kjem til. Og vi gjer det for å forsterke merkevara vår. Men noko vi aldri rører, er arbeidsspråket vårt; nynorsk, trass i at Stortinget endrar både fylket vårt og kommunane våre.

I Sparebanken Sogn og Fjordane har vi nynorsk som arbeidsspråk, og tar det som ei sjølvfølge. Andre lurer på kvifor, og meiner at det må vere enklare å bruke bokmål. For kva med treff på Google, kva med samarbeid med andre nasjonale aktørar og kva med kundane utanfor kjerneområdet, spør dei kanskje. Ja, så kjem vi kanskje ikkje på topp på Google-søket, og ja, så tar det litt lenger tid å omsette tekstar som gjeld samarbeida våre med Frende, Sparebank1 eller Vipps. Men når det kjem til kundane våre både i og utanfor fylket, meiner vi at nynorsken er eit viktig konkurransefortrinn og ein tydeleg identitetsskapar. Og frå undersøkingane vi har gjennomført blant kundane våre, ser vi at dei er einige på dette punktet; nynorsken er heilt klart positivt for kundeforholdet deira. Dette gjeld også i høgste grad kundane våre utanfor fylket. Det er også der vi har den største veksten i privatmarknaden.

Nynorsken; utskjelt, hata og elska
Av 428 kommunar i Norge i 2015 hadde 113, eller kvar fjerde kommune, nynorsk som tenestemål. 158 hadde bokmål som tenestemål medan 157 var nøytrale. I praksis er dei fleste språknøytrale kommunane bokmålskommunar. Korleis desse tala vil sjå ut etter kommunesamanslåingane, er det ingen som veit, men endringar vil det heilt sikkert bli.

Ifølgje tal frå SSB hadde heile 97 % av grunnskuleelevane i Sogn og Fjordane nynorsk som hovudmål i 2016. Likevel ser det ikkje ut som vi kan ta nynorsken som noko sjølvfølge. Då saka om samanslåing av Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland stod på, vart det heftige diskusjonar om kva som skulle vere administrasjonsspråket i den nye Vestlandsregionen, trass i at to av dei tre planlagde samanslåtte fylka allereie hadde nynorsk som tenestespråk. Grunnen til at saka skapte så mykje engasjement er at språk er ein tydeleg identitetsmarkør og heng nært saman med dialektane. Dialektane viser tilhøyrsle, kor ein kjem i frå, og kanskje viktigast; kor ein ikkje kjem i frå. Bokmål og nynorsk fungerer på same måten. Nokon elskar nynorsk fordi det er ein del av deira identitet, andre er sterkt i mot den fordi dei føler den blir trykt nedover hovudet på dei. Og på motsett vis føler mange akkurat det same for bokmål.

Då diskusjonen om tenestespråk i Vestlandsregionen stod på, var det eitt spørsmål som fort melde seg: Viss ikkje Vestlandet skal bruke nynorsk, kven skal då gjere det? Og vi vidarefører dette og spør oss sjølve; viss ikkje vi i Sparebanken Sogn og Fjordane og alle dei andre bedriftene med hovudkontor i nynorskbyen Førde skal bruke det, kven skal då gjere det? Motstandarar av nynorsk vil kanskje svare; ingen fordi nynorsken er eit kunstig språk for eliten. Men opphavleg var nynorsken meint som det stikk motsette av noko elitespråk. Ved å vere basert på dialektane og bygd opp med aktive og verbale seiemåtar, er nynorsken framleis så langt i frå noko elitespråk som ein kan kome.

Eit tydeleg skriftspråk, takk!
Å snakke om det norske skriftspråket, endar fort opp i ein diskusjon om sidemål og norskkarakter i skulen. Mange meiner mykje, og det skal dei få lov til utan at vi går inn i sidemålsdebatten her. Vi har fleire gonger høyrt argumentet om at norsk blir eit utydeleg språk så lenge vi held fast på to skriftspråk her til lands. Problemet er ikkje to skriftspråk, men heller ein utydeleg måte å bruke dei to målformene på, spesielt når det gjeld setningsoppbygging. Det er eit reelt problem at tekstar frå offentlege og statlege kontor har eit så vanskeleg og tungt språk, at mottakarane ikkje forstår bodskapen, mykje på grunn av substantivsjuka og stammespråk/fagspråk i dei ulike bransjane. Kjenneteikn på substantivsjuke er at setninga inneheld eitt eller fleire substantiv som endar på -ing som er danna av eit verb, og eitt eller fleire innhaldstomme verb, dvs. verb som ikkje tilfører setninga noko meiningsinnhald. Til dømes er det tungt å skrive «lånesøknaden vil bli gjort til gjenstand for ei vurdering» i staden for å gå rett på sak å skrive «vi vurderer lånesøknaden».

Slike tunge formuleringar kan ein finne både på bokmål og nynorsk, men nynorsk toler mindre av dei nettopp fordi nynorsken er basert på verbale seiemåtar. Held ein seg til den malen, altså korleis du ville formulert deg i daglegtalen, blir teksten mykje lettare å forstå for alle uavhengig om du skriv på bokmål eller nynorsk.

Nynorsk som merkevare
Trass i ein betent språkdebatt, vel vi i Sparebanken Sogn og Fjordane å bruke nynorsk som ein tydeleg del av merkevara vår. Merkevare handlar om assosiasjonar og tilleggsverdiar som kjem på sida av sjølve produktet eller tenesta, og her spelar også språk ei viktig rolle. Vi meiner at nynorsken er ein heilt naturleg del av merkevara vår, fordi det skaper identitet til kundane våre, både dei som bur i fylket og dei som kanskje berre er tilknytt fylket gjennom besteforeldre eller anna familie.

I vår lanserte vi ny mobilbank, som kjem i to språkdrakter; nynorsk og engelsk. Det er ei konkurransekraft, og ein levande nynorsk vil tene mange bedrifter her i området. Dette var også grunnen til at vi gav ei gåve på ein halv million kroner til etablering av Nynorsk Avissenter i 2013. Vi ønskjer å bidra til at nynorsken blir brukt, og her er også personar som Ronny Brede Aase, Kari Traa og Arne Hjeltnes gode ambassadørar. Vi kunne ramsa opp fleire namn, og felles for dei er at dei er stolte nynorskbrukarar, og bruker dialekt og nynorsk som ein del av sin personlege merkevare. Mange assosierer nynorsken som noko stødig, ekte og skikkeleg, og dei tre kjendisane er utan tvil med på å bygge opp under den oppfatninga. Og som bank er det ingenting vi heller vil enn å bli oppfatta som skikkelege. At nynorsk også kan assosierast med traust og treig, er heller noko vi må sjå på som ei utfordring og motbevise ved å ha ei aktiv, tydeleg og enkel språkføring.

Ser vi vekk i frå tilflyttarar og dei som knotar, så er det heilt klart nynorsk som ligg nærast opp til korleis vi snakkar her i området. I tillegg ligg hovudkontoret vårt i nynorskbyen Førde i det som i 250 år har vore Sogn og Fjordane, sjølvaste nynorskfylket av dei alle, og då er det ikkje anna enn naturleg at vi som regionalbank nyttar nynorsk i all vår skriftlege kommunikasjon, både internt og eksternt. Vi er med å styrke og byggje opp under nynorsken, vi kjem nærmare på kundane våre og vi har ein tydelegare kommunikasjon med dei. For det er jo det som er hovudoppgåva til språket; å kommunisere og formidle ein bodskap enkelt og tydeleg.

comments powered by Disqus