Loen Skylift er Årets Gründer 2017

Loen Skylift er kåra til Årets Gründer 2017 i Sogn og Fjordane og får med seg 100 000 kroner.

I kåringa har Loen Skylift vore hard konkurranse med Sogn Aqua, Hydrowave, Sødermann Rådgivning og Seaweed.

Pendelbana i Loen har sidan oppstarten i mai hatt rundt 85 000 besøkande, noko som er 30 000 fleire budsjettert. Bana er ei av dei brattaste i verda og du kan reise frå fjord til fjell på fem minutt, opp til Hoven 1011 moh.

Juryen har lete seg imponere over fylkets nye turistattraksjon i verdsklasse, og at prosjektet med hotelldirektør Richard Grov i spissen klarte reise over 140 millionar i eigenkapital til prosjektet.
Prisen blei i dag delt ut under Temposeminaret i Florø. Til stades for å ta i mot prisen var Eivind Grov, som var direktør på Hotel Alexandra frå 1965 til 1996.

– Det er svært gledeleg å få denne prisen. Ideen om Loen Skylift blei forsterka då Via Ferrata opna i 2011, og det å få denne tittlen, viser at arbeidet blir sett pris på, seier Eivind Grov.

– Dette er ei flott familiebedrift som har drive hotelldrift i generasjonar. Dei ser moglegheiter der andre ser avgrensingar, og klarer å gi turistane det dei vil ha, nemleg opplevingar, seier Trond Teigene.

Store ambisjonar og mange planar
Juryen har i år bestått av Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Reidun Aasen Nesheim, rådgjevar i Innovasjon Norge og Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken.

I grunngjevinga trekk juryen fram at Loen Skylift har høge ambisjonar, og at prosjektet har rydda vekk ein kvar tvil om at det går an å tenke store og luftige tankar i Sogn og Fjordane. Dei rosar at ei tradisjonsrik næring har tatt spranget ut i det ukjende, og ifølgje initiativtakarane for prosjektet er dette berre byrjinga.

– Målet vårt er å få til heilårsturisme, og blant anna byggje ut aktivitetsanlegg til vintersport, fortel Eivind Grov.

No får bedrifta med seg 100 000 tilbake til Loen. Prisen er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Framtidsfylket.

Prisen vert delt ut etter faglege kriterier, der ein fagjury har ansvaret for det endelege resultatet. Samstundes får publikum moglegheit til å stemme fram sin favoritt, og resultatet frå avstemminga vert vektlagt i juryen si vurdering. I år kom det inn ca. 5200 stemmer.

25 000 til kvar av finalistane
Dei fire andre finalistane gjekk heller ikkje tomhendt heim frå kåringa. Sogn Aqua, Sødermann Rådgivning, Hydrowave og Seaweed fekk alle med seg ein sjekk på 25 000 kroner.

Frå scena uttalte juryen at berre det å vere å finalist i denne kåringa, er ein stor seier.

– Det kom inn nærare 30 forslag på nominerte, så å vere blant topp fem er ein prestasjon i seg sjølv, og derfor ønskjer vi å rose alle finalistane på denne måten, seier Trond Teigene.

comments powered by Disqus