Leige eller eige bustad? Ein guide til nye studentar


Ny student til hausten? Eller er du allereie student med planar om å flytte for deg sjølv? Då er det ein del ting som er lurt å tenke på før ein kastar seg rundt på visning i sommar. 

Eit naturleg første spørsmål når ein skal flytte for seg sjølv, er å tenke over om ein er i posisjon til å kunne velje mellom å eige eller leige ein bustad. Å betale ned på eige bustadlån framfor å betale andre i leige, gjev moglegheit for gevinst ved sal bustaden seinare. Husleige vert derimot reine utgifter.

Kjøp av bustad
Slik bustadmarknaden er i dag, og har vore dei siste åra, har prisane i store delar av landet stort sett berre stige. Det er viktig å hugse at ein ikkje er garantert noko gevinst ved sal av bustad og at ein faktisk kan ende opp med å selje med tap. Det er derfor behovet for ein stabil stad å bu, ikkje ein potensiell gevinst, som burde vere hovudmotivasjonen for å kjøpe bustad.

På grunn av nye avgrensingar i reglane for bustadlån, er det no færre studentar som vil kunne ta opp bustadlån på eiga hand. Sjølv om ein kanskje oppfyller eigenkapitalkravet på 15% av kjøpesummen, vil ein ikkje få låne meir enn 5 gonger si eiga bruttoinntekt. For studentar som har ingen, eller berre deltidsjobb vil dette bety at ein sjeldan vil få låne nok pengar til å kjøpe ein bustad slik bustadprisane er i dag. Ei løysing vil kunne vere å ta opp lån saman med foreldre.

Leige bustad
Skal ein leige bustad må ein vere førebudd på tøff konkurranse, særleg i større byar. Søker du om studenthybel gjennom ein studentsamskipnad, er det lurt å vere tidleg ute med søknaden. Desse er ofte ettertrakta sidan dei er billegare enn leilegheitene og hyblane du finn på den private leigemarknaden. Noko av problemet her kan vere dei ulike svarfristane hos Samordna Opptak, og fristen hos samskipnadane for å takke ja eller nei til studenthybelen.

Skal du leige privat er det viktig å gjere eit inntrykk når ein er på visning, og kanskje legge igjen noko som gjer at utleigar hugsar deg. Til dømes kan du lage ei lita beskriving av deg og dine eigenskaper med eit bilde av deg sjølv. Dersom utleigar hugsar deg, og du har gitt eit godt inntrykk er det lettare for at du vert den heldige leigetakaren.

Det er også viktig å ikkje vere heilt ukritisk når ein er på jakt etter bustad, og det er ting som er viktigare å vere kritisk til enn berre utsjånaden på bustaden. Først og fremst er det viktig at utleiger har leigekontrakt i orden. Denne fastset dine rettigheiter og forpliktingar som leigepris og kva som inngår i denne, samt oppseiingsfrist for begge parter. Sørg alltid for at denne er på plass når du inngår avtale om leige, elles har du lite rettigheitar dersom du skulle verte ueinig med utleigar.

I dei aller fleste tilfelle vil også utleigar krevje eit depositum frå deg som leigetakar som eit slags sikkerheitsnett dersom noko i bustaden skulle verte øydelagt. Eit depositum vil normalt vere på 2-3 husleiger. Pengane skal plasserast på ein eigen konto i ditt namn, og dei disponerast i fellesskap med utleigar. Dette er viktig at vert gjort slik at ein ikkje risikerer å verte lurt. Pengane er dine, og utleigar har berre krav på pengar dersom noko skulle verte øydelagt. Når leigeperioden er over har du krav på pengane tilbake med renter gitt at utleiger ikkje har krav på heile eller delar av summen.

Sjølv med det rettslege på plass er det framleis andre ting å tenke over. Sjekk kva som inngår i leigeprisen. Ofte vil utgifter til straum, internett og tv vere inkludert i leiga. Er dei ikkje det, så bør ein gjere anslag på kva ein kjem til å betale. Særleg straum bør ein vurdere dersom det ikkje er inkludert i leiga. Her vil det kunne utgjere ein stor forskjell om det er snakk om kjellar- eller loftsleilegheit, og kor godt isolert den er. I tillegg bør ein ta i betraktning plassering og avstand til skule og andre fasilitetar. Er bustaden sentral slepp ein gjerne unna transportutgifter. På den andre sida vil ein ved å busette seg litt mindre sentralt kanskje få ei noko lågare husleige.

comments powered by Disqus