Inkludering som vekstmotor?

I APRIL møtte eg ein flokk framoverlente menneske på eit frukostmøte i Dale. Vi snakka om kva vi må gjere i dag for at kommunane og lokalsamfunna våre skal vere attraktive for neste generasjon om 10-15 år? Adm. direktør Inger Johanne Osland på Haugland Rehabiliteringssenter tok ansvaret for å få med seg ei idegruppe og tenkje meir på den store utfordringa. Etter ei rekke møte med mange engasjerte folk som bryr seg om utviklinga i Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund og Gulen, kom svaret: Inkludering blir vår store fanesak dei komande åra.

Vegvisaren frå Lærdal

Sitat: «Spør du Ivar Petter Grøtte om suksessoppskrifta, svarar han kjapt med eit ord; samarbeid.»

Næringsdagar til inspirasjon og ettertanke!

Etter to dagar på konferanse er det tid til ettertanke.  Undervegs hadde eg mange gode opplevingar. Opplevingar og møte med menneske som gjev meg tru på framtida og at innsatsen for eit levande fylke ikkje er fånyttes.  Men også innslag av betre vitande kapasitetar, og gufs av fortida frå rikssynsarar som heller ikkje er oppdaterte på dei nye trendane og fer lett med fakta om dagens verkelegheit i fylket vårt.

Sparing til barn

Spare til barn

Som kunderådgjevar får eg ofte førespurnad frå nybakte foreldre som ønskjer å starte sparing til borna. Det dukkar gjerne opp fleire spørsmål; bør pengane sparast i barnet sitt namn, eller i foreldre sitt namn? Sparing på bankkonto eller i fond?

Sjef i eige liv

Sjef i eige liv

Vi har lagt 2014 og gammal moro bak oss. Gammal moro på fleire måtar kanskje. Under fjorårets julehandel sette nordmenn ny rekord i forbruk på julegåver. I media les vi at 200.000 foreldre kjøpte eksklusive merkeklede til barna sine. Og iPhone 6 til barn ned i 10 – 11 års alder låg under mange juletre. Vi foreldre ønskjer det beste for barna våre, men er det det dyraste som er best, og er det lurt å gje så dyre gåver? Både økonomar og psykologar åtvarar mot denne utviklinga, først og fremst fordi dette bidrar til eit kjøpepress blant barn og […]

Betyr det noko kven som eig verksemdene?

Eg har stilt spørsmålet mange gonger før. Skal eg sjølv svare blir det eit rungande «ja». Stiller ein det same spørsmålet til nokre sentrale politikarar eller representantar frå dei akademiske miljøa, synest svaret å vere eit anna. Spørsmålet aktualiserer seg igjen etter at oppdrettselskapet Cermaq, som er 59 prosent eigd av staten, er til sals for 8,8 mrd kroner til japanske investorar. Tenk dykk at ein ny trailer med laks blir lasta opp på kaia i Florø. På isoporkassane står stempla Mitsubishi og ikkje Svanøy Laks. Traileren har Schenker med store bokstavar på sida, og ikkje Nistad Transport. Oppgjer og […]

leikanger bankbygg

Sprek 150 åring i Leikanger

8. september i år 1864 opna Leikanger Sparebank dørene for første gong. Difor kan me no feira 150 års jubileum for sparebank i Leikanger. Rett nok er det 26 år sidan banken vart ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane, såleis ikkje noko ekte jubileum, men ein slik sjanse til å markere dei 150 åra kan me sjølvsagt ikkje lata gå frå oss.  

Fastrente

Tid for fastrente?

Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane kan ikkje hugse at det har vore rimelegare å binde renta på bustadlån enn no. I veke 40 tilbyr Sparebanken Sogn og Fjordane fastrente på 3,20 % nominelt for 3 års fastrente og 3,40 % nominelt for 5 års fastrente. Dette betyr at fastrente no faktisk er billegare enn flytande rente. Bakgrunnen for at det er slik, er forventningar om at rentene skal gå vidare ned framover. Forventningar om låge renter kjem mellom anna som følgje av at dei økonomiske utsiktene ikkje er så lyse. Dette gjeld spesielt Europa der rentenivået no er historisk lågt og det […]

Kva med bustaden om du blir ufør?

Kva med bustaden om du blir ufør?

Dersom du ikkje kan svare på dette spørsmålet er du ikkje aleine. Ein halv million nordmenn står i fare for å miste bustaden ved langvarig sjukdom. Noreg er allereie mellom landa i Europa med høgst del uførepensjonistar. I år ventar NAV ein netto-auke i talet uføre på 10.000 personar, i tillegg til dagens nær 310.000 uførepensjonistar.

Student? Få pengane til å strekke til

Student? Få pengane til å strekke til i studietida

Vi har samla ein del gode tips til korleis du kan få pengane til å strekke til i studietida.