Etterlysning: Gode idear til allmennyttige tiltak

Har du eit spennande prosjekt du har lyst å få realisert? Ønskjer klubben din å delta på ei turnering eller å oppgradere utstyr? Søk sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om støtte gjennom gåvetildelingane, så kanskje du kan få hjelp til å kome i gang!  Sparebankstiftinga har to hovudrunder med gåvetildelingar, ein med søknadsfrist 1. mars og ein med frist 1. september. I tillegg til hovudrundane er det mogleg å sende ein “forenkla søknad” heile året, for deg som treng mindre beløp raskt (inntil 10 000 kroner). Nedanfor har vi samla nokre søknadstips og kva krav vi set til søknadane og prosjekta. Gå til søknadsskjema  Søknadstips! Ein […]

SSF blir generalsponsor for Florø Fotball

Sparebanken Sogn og Fjordane går inn som generalsponsor for Florø Fotballklubb. Dette blir dermed den største sponsoravtalen banken har i region ytre fjordane. – Samarbeidet med Florø Fotball skal bli veldig spennande. Klubben har eit verdigrunnlag som vi gjerne vil bli assosiert med, nemleg det å satse langsiktig på barn og unge, seier banksjef Ole Aukland. Han kallar Florø Fotball eit viktig flaggskip i nærområdet. -Florø Fotball er den tredje største klubben i fylket, og det er klart ein slik klubb er med på å skape stoltheit til byen blant innbyggjarane i Florø, seier Aukland. Nye prosjekt på trappene Den […]

Med mål om å inspirere og løfte fram lokale gründerar

Denne veka blei eit langvarig samarbeid mellom Temposeminaret i Florø og Sparebanken Sogn og Fjordane fornya.  – Vi har vore med sidan starten, og vil halde fram samarbeidet fordi vi meiner dette arbeidet er med å løfte næringslivet og gründerverksemda i Sogn og Fjordane, uttalte marknadssjef Gunn Aase Moldestad ved kontraktssigneringa. Temposeminaret er eit inspirasjons- og føredragsseminar for næringslivet i Sogn og Fjordane. Med sine rundt 400 deltakarar kvart år, er det også eitt av dei største seminara i Sogn og Fjordane. Ikkje minst samlar dette næringslivet på tvers av bransjar. Løftar fram lokale gründerar – Målet vårt er å ha fokus […]

Våre sponsoravtalar

Oversikt over nokre av våre aktive sponsoravtalar pr. juni 2015: Sponsoravtalar Sogn og Fjordane Skikrins Sogn og Fjordane Fotballkrins Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane Skavøypoll IL fotballgruppa Måløy Seglforening Flatraket IL Markane IL Fagre Stryn Aktivitetsselskap Skåla opp Jølster IL Førde Handball Førde IL langrenn Tambarskjelvar Gaular IL Dale IL Florø Seilforening Florø SK Handball Temposeminaret Florø Florø Turn Friidrettsgruppa Kinnaspelet Balestrand IL Høyang IL Kaupanger IL Øvre Årdal Janitsjarkorps Studentsamfunnet i Sogndal Leikanger Skyttarlag Utkantfestivalen Tornado Bergen Generalsponsor Våt Moro Flora Cykleklubb Florø IL, fotball Eikefjord IL, fotball Førde IL Fotball Førde Volleyballklubb Andre avtalar Høgskulen i Sogn og […]

leikanger bankbygg

Sprek 150 åring i Leikanger

8. september i år 1864 opna Leikanger Sparebank dørene for første gong. Difor kan me no feira 150 års jubileum for sparebank i Leikanger. Rett nok er det 26 år sidan banken vart ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane, såleis ikkje noko ekte jubileum, men ein slik sjanse til å markere dei 150 åra kan me sjølvsagt ikkje lata gå frå oss.  

Gjevargleda – den største gleda?

Då eg vaks opp var aldri tanken der på å bli bankmann.  Eg visste vel knapt kva det var.  Bortsett frå den raude bankboka då som eg fekk alt i dåpsgåve, og som mor mi passa godt på.  Ikkje det at det var hyppige turar i banken med kontantar som viste igjen som veksande saldo i «dykkar favør».   Men etter meir enn 30 års fartstid i sparebankar landet over, er eg komen til at det å vere «bankmann» er sjølve lukka i livet.  Lukka ved å skape verdiar som kjem oss alle til gode. I dag, den 12. juni deler […]

Overskot til å dele

Ein klatrepark i kvar kommune i fylket – Det er målet vårt saman med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. I snart 200 år har vi og andre sparebankar delt av overskotet vårt og investert i menneske og deira idear.

125 000 kroner til fotballdrakter

Sparebanken Sogn og Fjordane har i mange år vore ein stor bidragsytar til idretten i Sogn og Fjordane. Banken er hovudsamarbeidspartnar til Sogn og Fjordane Fotballkrets, og målsettinga med samarbeidet er å skape aktivitet og engasjement i lokalsamfunnet. Det blir ofte fokusert på eliteidrett, men vi er også svært opptatt  barn og breiddeidrett.

Betyr det noko?

Betyr det noko at vi har verksemder med hovudkontor i fylket?  Betyr det noko at  Sogn og Fjordane Energi, Fjord 1, Lerum og Sparebanken Sogn og Fjordane har sine hovudkontor på Sandane, i Florø, i Sogndal og Førde.  Betyr det noko at funksjonar som økonomi, marknad, IKT og sal ikkje er sentralisert til Oslo eller Bergen men gir kunnskapsarbeidsplassar i distriktet?  Betyr det noko at leiinga i disse verksemdene sit lokalt og har styringa ut frå eit regionalt perspektiv?

20 000 kroner til fotball

  Meir enn 200 lag stiller til KM innandørs gjennom Sogn og Fjordane Fotballkrins. Her blir det mykje moro. Som sponsor av krinsen hadde vi lyst å gjere litt stas på laga – vi inviterte derfor til konkurranse. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane la 20 000 kroner i premiepotten. Konkurransen er avslutta. Vi avslutta konkurransen alt 4.februar. Vi ser at svært tvilsame Facebookprofilar har engasjert seg i eit av bileta. Dette er trasig, men har ingenting med laget å gjere. Laget har på ingen måte oppsøkt profilane, men er blitt utsett for denne merksemda utan å ønskje det. For at ikkje desse […]