Johanne Viken Sandnes tilsett som leiar for kommunikasjon

Flyttar frå Bergen og heim til Førde med mann og to barn. Johanne Viken Sandnes er 34 år og har studert PR og informasjon i Volda. Ho begynte i TV 2 si kommunikasjonsavdeling rett etter studiane og har vore der i 10 år. Der har ho jobba både med intern kommunikasjon og som kommunikasjonsrådgjevar for ulike programkonsept. Sidan februar i år har ho jobba som innhaldsutviklar og kommunikasjonsrådgjevar i digitalbyrået Knowit Experience i Bergen. No gler ho seg til å flytte heim og ta fatt på nye oppgåver som leiar for kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Sogn og Fjordane. – […]

Eirik Rostad Ness er vår nye HR-direktør

Eirik Rostad Ness er tilsett som ny HR-direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane frå 1.oktober. –  Eg er motivert og klar!, seier Rostad Ness som no går frå vervet som hovudstillitvald i banken og inn i konsernleiinga. Eirik Rostad Ness er 48 år, kjem frå Harstad og bur i Florø, der han er gift og har to born. Han har gått på United World College i USA, og er utdanna samfunnsgeograf (can.polit.grad). Han begynte i banken i 2009 som rådgjevar på bedriftsmarknad, og har vore hovudtillitsvald sidan 2012. Han har dermed god kjennskap til banken og personalområdet. –  Eg trur […]

Nynorsk som merkevare, går det an?

I Sparebanken Sogn og Fjordane gjer vi ein god del endringar for tida; vi endrar strategiar, slagord og innhald. Vi endrar bemanning, kontorstruktur og produkt. Noko blir tatt vekk, noko nytt kjem til. Og vi gjer det for å forsterke merkevara vår. Men noko vi aldri rører, er arbeidsspråket vårt; nynorsk, trass i at Stortinget endrar både fylket vårt og kommunane våre. I Sparebanken Sogn og Fjordane har vi nynorsk som arbeidsspråk, og tar det som ei sjølvfølge. Andre lurer på kvifor, og meiner at det må vere enklare å bruke bokmål. For kva med treff på Google, kva med […]

Tre nye traineear på plass

Ein ville flytte heim igjen til fylket, ein kom hit for kjærleiken og ein blei lokka av bu i kollektiv med kompisen. Felles for våre tre nye traineear er at dei ønskjer seg ei bratt læringskurve innan finans og forretningsutvikling.  – Eg trur og håpar på at eg får jobbe med veldig mykje forskjellig, seier Christina Tønset frå Røros. Saman med Stine Austreim Olsen frå Høyanger og Andreas Campbell Pedersen frå Brumunddal utgjer dei trekløveret som skal vere traineear hos Sparebanken Sogn og Fjordane det komande året. Tønset har ein mastergrad i teknologileeiing frå NTNU og skal innom fleire avdelingar som […]

Vi søker kandidatar til Årets Gründer 2017!

Veit du om nokon som fortener tittelen «Årets Gründer» og ein premie på 100 000 kroner? Meld dei (eller deg sjølv) på innan 15. september, då vel! 3. november skal «Årets Gründer 2017» kårast i Sogn og Fjordane. Det er sjette gong prisen blir delt ut og vinnaren får med seg 100 000 kroner til nyskapinga si. Utdelinga skjer under Temposeminaret i Florø, og er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. – Det er mykje spennande som skjer i fylket om dagen, og nye trendar i samfunnet gir nye forretningsmoglegheiter. Vi håpar dette […]

Banktips til utvekslingsstudenten

Mange som reiser på utveksling sit igjen rike på opplevingar, nye vennskap og kanskje blir ein også meir moden på heile opphaldet. Ein ny kultur langt heimefrå er for dei fleste veldig spennande å få oppleve, og i tillegg følgjer det med mykje fridom. Denne fridomen knyt seg også  særleg til økonomien ein har som utvekslingsstudent, og ein fornuftig og stødig økonomi medan ein er på utveksling er avgjerande for eit bra utanlandsopphald. Vurderer du å reise på utveksling, kan tipsa nedanfor vere til god hjelp i planleggingsfasen. Finansiering Sjølve finansieringa av utanlandsopphaldet vil i hovudsak kome frå Lånekassen. Søk difor om […]

Leige eller eige bustad? Ein guide til nye studentar

Ny student til hausten? Eller er du allereie student med planar om å flytte for deg sjølv? Då er det ein del ting som er lurt å tenke på før ein kastar seg rundt på visning i sommar.  Eit naturleg første spørsmål når ein skal flytte for seg sjølv, er å tenke over om ein er i posisjon til å kunne velje mellom å eige eller leige ein bustad. Å betale ned på eige bustadlån framfor å betale andre i leige, gjev moglegheit for gevinst ved sal bustaden seinare. Husleige vert derimot reine utgifter. Kjøp av bustad Slik bustadmarknaden er i […]

Festivalsommar med banken i lomma

Det er mange ting å tenkje på når ein skal pakke og gjere seg klar til å reise på festival. Følgjer du desse enkle tipsa her, treng ikkje pengar og bank å vere noko å uroe seg over medan du nyt feriedagane på festivalen.  To bankkort I dag er det få festivalar som ikkje tilbyr betaling med kort. Litt kontantar er det gjerne lurt å ha med seg, men det å hovudsakleg nytte kort gjer at ein har mindre å halde rede på og det reduserer risikoen for at pengar vil kome på avvege. For å unngå at ein plutseleg […]

Stor innovasjonskraft i nye samarbeid

Først opna Lefdal Mine Datacenter, så kom Hennar Majestet Dronning Sonja på besøk for å opne Loen Skylift og så suste syklistane i Tour des Fjords gjennom fylket vårt. Tre prosjekt som på kvar sin måte tilfører fylket mykje positiv merksemd, og som viser at ein må våge litt for å vinne.   Same dagen som datasenteret opna, gjekk Næringsdagane med tema «Skapt i Sogn og Fjordane» av stabelen i Loen. Eit positiv framsnakk av det lokale næringslivet og moglegheitene våre, av det grøne og det digitale skiftet. Og det med rette, for det skjer verkeleg mykje spennande nyskaping i […]

Slik får du kvilepuls i sommar

Fellesferien står snart for døra, og for mange er det berre å sjekke av dei siste punkta på lista før du kan ta litt velfortent fri. Det blir så deilig! Men korleis var det med den sjekklista igjen? Har du hugsa alt? Kanskje for mykje?  Uansett korleis ferieturen din ser ut i sommar, kan det vere lurt å vere litt kritisk til kva du eigentleg treng å ha med deg når du pakkar kofferten. Det kan godt hende du kan vaske litt kle der du skal feriere, så ti t-skjorter treng du neppe å ta med. Her får du derfor ei […]