Johanne Viken Sandnes tilsett som leiar for kommunikasjon

Flyttar frå Bergen og heim til Førde med mann og to barn.

Johanne Viken Sandnes er 34 år og har studert PR og informasjon i Volda. Ho begynte i TV 2 si kommunikasjonsavdeling rett etter studiane og har vore der i 10 år. Der har ho jobba både med intern kommunikasjon og som kommunikasjonsrådgjevar for ulike programkonsept. Sidan februar i år har ho jobba som innhaldsutviklar og kommunikasjonsrådgjevar i digitalbyrået Knowit Experience i Bergen.

No gler ho seg til å flytte heim og ta fatt på nye oppgåver som leiar for kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Stillingsutlysinga appellerte til meg, for den inneheldt alle kommunikasjonsoppgåver eg likar å jobbe med. Samfunnsansvar er noko eg er veldig opptatt av, og eg syns det er viktig at bedrifter tar del i samfunnet rundt seg. Eg er stolt av å skulle få jobbe med dette for ein solid aktør som Sparebanken Sogn og Fjordane, seier Sandnes.

Spent heimflyttar
Med seg på flyttelasset har ho også mann og to barn. Å flytte heim, trur ho blir både koseleg og litt annleis.

– Ungane er spente og eg ser fram til at dei skal få vekse opp der, og eg trur det blir koseleg og fint for dei. Det blir nok ein liten overgang i starten, for dette er ikkje noko vi har planlagt eller snakka så mykje om. Men når stillinga først dukka opp, så måtte vi berre ta sjansen, seier Sandnes.

Neste utfordring for familien er å finne seg plass å bu.
– Det er litt logistikk som må løysast ja; plass å bu, skulekrins og barnehageplass, men når puslespelbitane er på plass byrjar eg i banken, og det gler eg meg veldig til, seier ho.

– Mannen min pendlar til Oslo i jobben sin i dag, og det skal han halde fram med frå Førde, så vi slepp å tenke på jobb til han, seier Sandnes.

Stort engasjement
Digital direktør Reiel Haugland er godt fornøgd med nytilsettinga av Sandnes.
– Johanne er ein kandidat som har eit stort engasjement og som kjenner fylket godt. Vi ser at ho har erfaring og kvalitetar som vil gi oss eit stort løft på dette området, og som både kundar og tilsette vil merke, seier Haugland.

comments powered by Disqus