Inkludering som vekstmotor?

Sulefis400
Tyskaren Michael Niesar kom til Solund i 1999 for å få praksis i fiskeoppdrett. I dag er han dagleg leiar på Sulefisk som offensivt prøver ut ny teknologi i oppdrettsnæringa.

I april møtte eg ein flokk framoverlente menneske på eit frukostmøte i Dale. Vi snakka om kva vi må gjere i dag for at kommunane og lokalsamfunna våre skal vere attraktive for neste generasjon om 10-15 år?

Adm. direktør Inger Johanne Osland på Haugland Rehabiliteringssenter tok ansvaret for å få med seg ei idegruppe og tenkje meir på den store utfordringa. Etter ei rekke møte med mange engasjerte folk som bryr seg om utviklinga i Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund og Gulen, kom svaret: Inkludering blir vår store fanesak dei komande åra. 

Eg må tilstå at eg vart litt overraska. Eg hadde nok venta nokre vyar om meir gründerskap, meir breiband, betre vegar, nye oppdrettsnæringar og kanskje kommunesamanslåing? Så får eg ordet INKLUDERING midt i fleisen og kjenner at eg berre må rope, gratulerer HAFS! Tygg på ordet inkludering. Det inneber så mykje om tillit, respekt, ansvar og openheit, med andre ord ein haug av utfordringar, men også eit enormt potensiale for menneskeleg, sosial og økonomisk vekst om ein lukkast.

DEI FEM KOMMUNANE i HAFS-regionen har berre vel 10.000 innbyggarar til saman. Folketalet har gått ned med heile 10 prosent dei siste 15 åra. Trongen for nye familiar, nye elevar og nye sambygdingar er med andre ord det viktigaste suksesskriteriet for bygdene i HAFS. Den store oppgåva er for det første å vere attraktiv for alle som i dag veks opp i desse kommunane. Det handlar mellom anna om at ingen føler seg mobba og ingen fell ut av vidaregåande skule som er sjølve nøkkelen til eit godt vaksenliv og aktivt arbeidsliv.
Men det handlar også i stadig sterkare grad å tiltrekke seg tilflyttarar og innvandrarar frå andre deler av verda. Den sterke folketalsveksten i Norge, særleg i dei store byane, skuldast først og fremst innvandring. HAFS, Sogn og Fjordane, Norge og store delar av Europa treng innvandring og fleire folk for å unngå forvitring og stagnasjon. Fødselsraten er rett og slett ikkje stor nok til å fornye og utvikle samfunna våre. Når titusenvis av flyktningar no bankar på den norske døra, har vi både ein unik sjanse til å vise oss som skikkelege medmenneske og til å sikre vårt framtidige eksistensgrunnlag. Vi bør gripe denne sjansen og gjere inkludering til strategi og satingsområde. HAFS har tatt poenget. Ein høg standard for inkludering både i bygda, på skulen og i bedriftene kan bli heilt avgjerande for å lukkast med samfunnsutvikling dei komande åra.

EG FÅR LYST å trekke fram tyskaren Michael Niesar som eit lysande døme på kor viktig dette temaet er. Han kom til Solund og oppdrettsselskapet Sulefisk i 1999. Han studerte fiskerivitenskap og akvakultur ved Humboldt-Universitetet i Berlin og vart invitert av oppdrettsgründer Jostein Kråkås til å ta praksis i Solund. Niesar fann seg til rette i Solund og flytta dit i 2004 etter fullført mastergrad. Sulefisk drog stor nytte av kunnskapen hans om laksens ve og vel. 15 år etter første besøk i Solund er innvandraren dagleg leiar på Sulefisk som er ei av dei mest offensive oppdrettsselskapa i landet. Blant anna prøver Sulefisk ut laserstråling mot lakselus og sette i haust i gong eit stort forsøk med Ecomerden, ei lukka laksemerd i sjøen.

PÅ BEDRIFTSBESØK i regionen har det ofte slått meg kor stort innslag Havyard, Bulandet Fiskeindustri, Maritime Montering og bedriftene i Sløvåg har av utanlandske arbeidarar. Det verkar som dei har knekt inkluderingskoden fordi dei er heilt avhengige av arbeidarar frå andre land. Nøkkelen til vellukka integrering og inkludering ligg i arbeidslivet. Betalt arbeid er avgjerande for sjølvrespekten. Kollegaer og arbeidsmiljø er avgjerande for å lære språk, normer og kultur i eit nytt land. Utviklinga i næringslivet i HAFS er med andre ord sentralt om regionen skal lukkast med sin store ambisjon om meir folk og meir aktivitet i kommunane. Derfor håpar eg inderleg at Havyard lukkast med omstillinga, at demontering av oljeplattformer kjem i gang for fullt på Lutelandet, at Bulandet Fiskeindustri lukkast med sine nye produkt, at Enoro og Brødrene Dahl tek nye marknadar i energibransjen og at tareproduksjonen på Bulandet blir eit eventyr. Alt tyder på at renta blir låg og krona svak i lang tid. Det er ei gylden tid for satsing i eksportbedrifter som HAFS har mange av. Regionen har også ein annan fordel, nemleg masse inkluderingskompetanse i Fjaler som alle kan lære av. Eg tenkjer på rehabiliteringssenteret på Haugland, på Flekke barneskule med mange utanlandske elevar og ikkje minst på verdsgymnaset UWC med elevar frå over 90 land.

VI KJENNER ALLE den gripande historia til Jakob Sande om vesle Daniel som tek farvel med mor, far og søsken for å reise ut i verda i utanriksfart. Vi kjenner klumpen i halsen når mor og far gjer klar reisekista til vesleguten sin. I åra framover kjem mang ein liten Daniel til oss, utan reisekiste. Klarer vi å inkludere tilflyttarane godt i daglegliv og næringsliv, er dette ein unik sjanse til vekst og utvikling i bygdene og kommunane våre. Eg seier ikkje at det er enkelt, men skaparkrafta som ligg i fungerande, multikulturelle samfunn har vi ikkje råd til å gå glipp av.
La den viktigaste visjonen i vår tid få vind i segla.

 

comments powered by Disqus