Gåvedryss på 20 millionar til heile fylket

 

I løpet av 2017 vil Sparebanken Sogn og Fjordane dele ut gåver- og stipendmidlar til lag, organisasjonar og unge talent rundt om i fylket til ein samla verdi av 19,5 millionar. No er første runde av gåvetildelingane klare. Sjekk lista over kven som får midlar. 

Her kan du sjå alle gåvetildelingane frå Sparebanken Sogn og Fjordane 

Totalt har 111 små og store søknader fått positivt vedtak. Totalbeløpet for vårens tildelingar ligg på 6,4 millionar kroner, og mange har allereie fått overrekt sine midlar. Pengegåvene skal gå til allmennyttige formål i Sogn og Fjordane, og gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu ved å fremje trivsel, mangfald og utvikling.


Fakta

  • Sparebanken Sogn og Fjordane har to eigarstiftingar; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler.
  • Desse forvaltar overskotet til banken og gir gåver til allmennyttige føremål i samfunnet.
  • Sparebankstiftinga Fjaler har søknadsfrist 1. mars kvart år, medan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har to tildelingsrundar i løpet av året, éin med søknadsfrist 1.mars og éin med søknadsfrist 1. september. I tillegg behandlar dei søknader om inntil 10 000 kroner fortløpande.

Søkte om 25 000, får tildelt det dobbelte
På lista over mottakarar er det eit breitt spekter innan sport, kultur, helse og oppvekst. Ein av dei som får midlar er Gaularspelet som søkte om 25 000 kroner i høve 30-årsjubileet. Overrasking og gleda var derfor stor då dei fekk beskjed om at spelet får tildelt 50 000 kroner.

– Dette betyr mykje for oss, og var veldig overraskande. Det er gledeleg at banken støttar opp om lokale tiltak, og at ein har moglegheita til å søke om midlar, seier Anbjørg Førde, kasserar og sponsoransvarleg i Gaularspelet.

Alexander Dvergsdal i gåvenemnda for Indre Sunnfjord rosar det tradisjonsrike spelet.
– Det å få til eit slikt spel er basert på mykje frivillig arbeid, som vi ønskjer å løfte litt ekstra no som dei har jubileum, seier Dvergsdal.

Veksande teaterfestival
Ein annan mottakar er Teaterfestivalen i Fjaler som totalt får 150 000 kroner frå banken.

– Dette er ein festival som veks og utviklar seg positivt for kvart år. Derfor får dei ei gåve på 75 000 frå kvar av dei to eigarstiftingane våre, seier banksjef Torunn Mattson i Dale.  (Sjå faktaboks for info om eigarstiftingane).

Sterk sparebanktradisjon
Dei siste fem åra har Sparebanken Sogn og Fjordane gitt over 130 millionar tilbake til lokalsamfunna i fylket gjennom gåvetildelingane.

–  For oss handlar dette om samfunnsansvaret vårt, og at vi følgjer ein sterk sparebanktradisjon ved å gi tilbake til lokalsamfunnet. Det er dette som skil oss frå andre bankar og gjer oss til ein viktig aktør i bygdene, seier adm. direktør Trond Teigene.

– Det er dei to eigarstiftingane våre som forvaltar overskotet, men gåvene og verdiane er det banken og kundane til banken som har skapt. Vi er stolte over å kunne vere synlege lokalt, både gjennom gåvene, men også gjennom sponsoravtalar, seier Teigene.

comments powered by Disqus