Første skuledag for nyoppstarta studium

DSC_2139 800
Med grunn til å glise: Denne gjengen er beviset på at samarbeid mellom bank, næringsliv, fagforening og utdanningsinstitusjonar, gir gode resultat. 


I dag tok Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) i mot sitt første kull på det nye ingeniørstudiet for bygg og anlegg. Til opprop møtte 40 komande ingeniørar, noko som er det høgste talet på ei ingeniørlinje nokon sinne ved HiSF. 

– Vi er heilt overvelda over responsen. Søkartala har vore over all forvetning, og tydeleggjer behovet bransjen har for ny kompetanse, seier prosjektleiar Linn Grepstad Nes. Saman med Jenny Følling har ho sete i arbeidsgruppa for å få på plass studiet, som har blitt realisert etter initiativ frå bransjen sjølv, og med god støtte frå lokalt næringsliv.

–  Det lokale næringslivet sitt engasjement har vore avgjerande for at vi har fått på plass dette studiet såpass fort, seier Grepstad.

Sparebanken Sogn og Fjordane har støtta prosjektet med 1,9 millionar, og under opninga uttrykte bankdirektør på bedriftsmarknad Kjetil Bjørset at utdanning alltid vil vere eit viktig tema for banken å satse på.
– Det er viktig at utdanninga i større grad vert tilpassa regionalt næringsliv. Vi ser at bygg- og anleggsbransjen har eit stort behov for ny kompetanse, og då var det heilt sjølvsagt for oss å vere med å støtte denne studieretninga, seier Bjørset.

Førebilete for Høgskulen på Vestlandet
Studiet er eit samarbeid med Høgskulen i Bergen, og frå talarstolen uttrykte rektor ved HiSF, Rasmus Stokke, at studiet dermed blir eit førebilete for korleis ein samarbeidar for å få store ting til å skje mellom skulane.

– Frå nyttår av blir HiSF ein del Høgskulen på Vestlandet, frå Førde i nord til Haugesund i sør, og då er samarbeid på tvers eit viktig stikkord. Akkurat slik vi har gjort for å få denne linja på plass, sa Stokke.

DSC_2140 500
F.v: Torleiv Straume, Martinus Sørvik Hallberg, Anders Slåtten og Torjus Pettersen Nordheim er klare for å bli framtidas bygg- og anleggsingeniørar.

Trur på sikre arbeidsplassar
Studentane sjølve ser gode utsikter for å velje ei slik utdanning.  Martinus Sørvik Hallberg fortel at gode jobbutsikter er hovudgrunnen for at han har valt denne retninga.
– Det vil snart bli ei generasjonsskifte i bransjen, og då treng dei mange nye ingeniørar. Det er mange spennande jobbar innan dette feltet, seier han. Han får samtykkande nikk frå studiekameratane.
– Eg hadde aldri begynt å studere noko oljerelatert no, det er framleis altfor usikkert, seier Hallberg.
– Bygg og anlegg vil alltid det alltid vere behov for, og når ein blir ingeniør innan dette feltet kan få ganske spennande og kjekke jobbar, seier Torjus Pettersen Nordheim.

Tilstades under opninga var også Leif Arne Åsen som bekrefta at arbeidsplassane finst når studentane er ferdig utdanna om nokre år.

– Bygg og anlegg er robuste bransjar som gjer det godt her i fylket. Vi har store fagmiljø, og vi treng nye fagfolk. Eg gledar meg til å sjå kven i denne forsamlinga som ein dag blir sjef i nokre av våre selskap, sa han.

comments powered by Disqus