Fornyar bankavtale med fem kommunar

KommuneavtaleSparebanken Sogn og Fjordane har i dag inngått ein fornya bankavtale med fem kommunar i fylket; Naustdal, Førde, Jølster, Gaular og Florø.

Banksjef for bedriftsmarknaden Roy Stian Farsund er veldig glad for å kunne vidareføre viktige kundeforhold med Sunnfjordkommunane.

–  Det må vere lov å vere litt stolt og kry i dag. Dette er ei stor og viktig avtale for oss. At fem kommunar går saman om eit bankanbod gjer at avtala blir stor og konkurransen hard, seier banksjefen.

Service like viktig som pris
Farsund ønskjer å berømme kommune for å vektlegge service og kompetanse når dei skal velje  samarbeidspartnar.

– I dette anbodet var service og kompetanse vektlagt med 50%, og då er det ekstra kjekt å vinne fram. Kompleksiteten blant større bedriftskundar aukar, og det krev stadig meir av oss som bank. At vi kan halde fram med det gode samarbeidet med desse kommunane er viktig, slik at vi heile tida kan utvikle oss og bli betre i lag med våre kundar, seier Farsund.

Farsund skryt også av Sunnfjordkommuane for godt samarbeid på mange ulike nivå.
– Dette gjer at dei oppnår gode stordriftsfordelar på produkt og pris, samt at det gjer oppfølginga vår av kunden både betre og enklare. Det blir vinn- vinn for begge.

Under signeringa i dag uttrykte begge partar at samarbeidet mellom og bank og kommune er viktig.
–  Vi er godt fornøgde med å ha ein avtale med ein lokal bank på ein konkurransemessig måte. At vi samarbeider om ein bankavtale, blir ein naturleg del av samordninga mellom fire av oss kommunane framover, og eg trur vi vil sjå mange effektar av dette, seier rådmann i Førde kommune Ole John Østenstad.

–  Eg trur vi kan utvikle oss saman og bli med på digitaliseringa som er rundt oss. Måten ein utfører ein transaksjon på er i endring, og her er eg sikker på at Sparebanken Sogn og Fjordane er klare til å serve oss, seier rådmann i Naustdal Øyvind Bang-Olsen.

comments powered by Disqus