Festivalsommar med banken i lomma

Det er mange ting å tenkje på når ein skal pakke og gjere seg klar til å reise på festival. Følgjer du desse enkle tipsa her, treng ikkje pengar og bank å vere noko å uroe seg over medan du nyt feriedagane på festivalen. 

To bankkort
I dag er det få festivalar som ikkje tilbyr betaling med kort. Litt kontantar er det gjerne lurt å ha med seg, men det å hovudsakleg nytte kort gjer at ein har mindre å halde rede på og det reduserer risikoen for at pengar vil kome på avvege. For å unngå at ein plutseleg står utan pengar kan det gjerne vere lurt å ha med seg to kort. Ein kan nytte to visa classic kort eller gjerne eit visa classic kort og eit kredittkort (Visa Gold eller Mastercard) alt etter kva ein føretrekk. Skulle ein miste eit av korta, står ein i alle fall ikkje på bar bakke. Vi anbefaler derfor at du oppbevarer korta kvar for seg, slik at ein ikkje kan misse begge i same slengen.

Les også: 7 tips til smart kortbruk i sommar. 

Mobilbank
Mobilbanken er eit ypparleg verktøy å ha med seg på tur. I mobilbankappen vil du ha full oversikt over saldo og pengebruk, kunne overføre pengar mellom eigne konti og betale til andre, og sist men ikkje minst kunne sperre bankkorta dine om du mister dei. Med den nye mobilbanken treng ein kun hugse ein firesifra kode for å logge seg inn og for å utføre betalingar eller andre funksjonar i mobilbanken. Ein treng altså ikkje lenger verken kodebrikke eller bankID på mobil til dette. Har du ikkje lasta ned den nye mobilbanken endå? Gjer det, så vil du oppleve ei endå betre løysing som gjer det endå enklare å ha kontroll på bankeforholda dine når du er på farta. Her lastar du ned mobilbanken for:

Vipps
Ei anna enkel betalingsløysing er Vipps. Med Vipps kan ein sende pengar til dei ein skuldar pengar, og ein kan be om pengar om det er nokon som skuldar deg pengar. Appen har også ein oppgjersfunksjon som er veldig grei om ein er ei gruppe som har gått saman om diverse utgifter. Appen reknar ut kor mykje alle skuldar kvarandre, og sender alle ei påminning med skuldig beløp. Alt du treng av informasjon frå motparten er telefonnummeret deira. Med Vipps blir vennebetaling superenkelt!

Reiseforsikring
Sist men ikkje minst er det lurt å ha på plass reiseforsikring. Festivalar er paradis for lommetjuvar, og det er derfor ekstra viktig å passe på verdisakene sine. Helst bør ein ha med så lite verdisaker som mogleg. Telefon og lommebok er ein likevel nøydd å ha med, og skulle uhellet vere ute er det godt å ha ei forsikring i ryggen. Les meir om reiseforsikring og bestill her.

Med bankkort, forsikringsbevis, og mobil med mobilbank og Vipps i lomma er du godt rusta for festival!

comments powered by Disqus