Endeleg på plass i Byporten

I dag opna Sparebanken Sogn og Fjordane sine nye lokaler i Byporten i Florø. Kva er vel då betre enn å invitere til frukostsamling i samarbeid med Aksello?

Under tematikken moglegheiter og satsing innan næringslivet, med spesielt fokus på havbruk og kysten, var det invitert inn fleire aktørar frå det lokale næringslivet, blant anna Westcon Yards og Nekst. Dei presenterte sine utfordringar og visjonar for framtida. Her blei det også fort tydeleg kvifor Florø og kysten er så viktig for banken.

– Vi satsar her i Florø fordi vi meiner det ligg mange moglegheiter i kystnæringa, og derfor må vi vere her for å følgje den, sa adm. direktør Trond Teigene under opninga.

Kundane si beskriving av banken prydar veggen hos dei tilsette.

Internasjonal konkurranse
Sparebanken fekk ros for å satse på å vere til stades med kontor midt opp i det digitale skiftet. For Teigene handlar det om å møte konkurransen, verdien av å vere der folk er og å kunne vere ein samfunnsaktør gjennom sponsing og gåvetildelingar.

– Vi står midt opp i store endringar no og har mange prosjekt på gang for å møte framtida der konkurransen frå internasjonale aktørar vil auke. Aktørar som Facebook vil kunne komme med eigne finansieringsløysingar for sine brukarar. Derfor har vi investert tungt i nye teknologiske løysingar for å møte utfordringane som kjem, seier Teigene.

Den offisielle snorklyppinga var det Martin Ramsdal i Nekst som fekk æra av å gjennomføre, med god hjelp frå Trond Teigene og tilsette ved Florøkontoret. I dei nye lokala er alt samla i èin etasje, mot fleire etasjar i gamlebygget. Her jobbar det 26 tilsette fordelt på privatmarknad, bedriftsmarknad, eigedomsmekling, forsikring og investeringsrådgjeving.

comments powered by Disqus