Eit nytt ikon i reiselivsnæringa er skapt!

I mai opna Loen Skylift, pendelbana i Loen som fraktar besøkande frå inn- og utland 1000 meter opp i den vestnorske naturen. Sommarsesongen har vist at prosjektet har fått ei svært god mottaking med høge besøkstal og har allereie blitt eit ikon i reiselivet. 

Vi vågar å bruke denne påstanden: pendelbana hadde ikkje blitt realisert viss det ikkje hadde vore for innsatsen frå lokale eigarar, Sparebanken Sogn og Fjordane, og med Innovasjon Norge som viktig støttespelar. 145 millionar i eigenkapital opnar for at Sparebanken Sogn og Fjordane kunne gi lån til prosjektet. Loen Skylift framstår som eit symbol på godt samspel mellom aktørar som er opptatt av utvikle det lokale næringslivet.

Lokalt eigarskap og ein næringsorientert sparebank er avgjerande for næringsutviklinga i fylket. Sparebanken Sogn og Fjordane har sitt hovudkontor og si styring solid forankra i fylket, og har med det utgangspunktet ei særskilt interesse i å vere ein utviklingsaktør for næringslivet i distriktet vårt. Men vi kan ikkje gjere jobben åleine; eigenkapital og Innovasjon Norge må vere med på laget, og prosjekta må ha eit forretningsmessig fundament å stå på.

Gjennom kundane sin bruk av banken blir det skapt overskot som blir verande att i fylket, som grunnlag for nye utlån og ny verdiskaping. Ved at banken er sjølvstendig og er styrt frå fylket medfører kundane sin bruk av banken at det blir skapt lokale arbeidsplassar i finansnæringa, som i neste omgang også gir lokal kjøpekraft og verdiskaping.

For utviklinga av lokalt næringsliv er det svært viktig at vi har bedrifter med lokale eigarar og institusjonar med hovudkontor her. Vekst, investeringar og utvikling av arbeidsplassar skjer ofte nær opp til der eigarar og styring til dagleg sit. Kapitalen si gravitasjonskraft blir det kalt, og den bør vi ha eit bevisst forhold ved val av forretningspartnar.

comments powered by Disqus