Eirik Rostad Ness er vår nye HR-direktør

Eirik Rostad Ness er tilsett som ny HR-direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane frå 1.oktober.

–  Eg er motivert og klar!, seier Rostad Ness som no går frå vervet som hovudstillitvald i banken og inn i konsernleiinga.

Eirik Rostad Ness er 48 år, kjem frå Harstad og bur i Florø, der han er gift og har to born. Han har gått på United World College i USA, og er utdanna samfunnsgeograf (can.polit.grad). Han begynte i banken i 2009 som rådgjevar på bedriftsmarknad, og har vore hovudtillitsvald sidan 2012. Han har dermed god kjennskap til banken og personalområdet.

–  Eg trur erfaringa mi som hovudtillitsvald kjem til å bli ein viktig ressurs i dei omstillingsprosessane som er i gang og som kjem framover. Sjølvsagt vil det bli utfordrande, og eg veit mykje om kva dei tilsette tenkjer om det som skjer no. Og sjølv om eg byter rolle, så kan tilsette i banken vere trygg på at verdigrunnlaget mitt er det same, seier han.

Store endringar i arbeidskvardagen
Rostad Ness ser fram til nye oppgåver i si nye stilling.

– Med tanke på det «digitale skiftet» næringa står midt i, så er det å vere HR-direktør i bank ein av dei mest spennande og utfordrande jobbane ein kan ha i dag, seier han.

Rostad Ness meiner ny teknologi og endra kundeåtferd vil føre til store endringar i banken, og at rett kompetanse vert eit sentralt stikkord framover.

– På den eine sida må banken rekruttere inn ny kompetanse for å ta tak i dei krevjande endringane vi står ovanfor. Samstundes er vi heilt avhengig av utvikle den nye banken i tett samarbeid med alle dei dyktige og engasjerte medarbeidarar som jobbar hos oss i dag. Eg er opptatt av at tilsette i banken skal mestre kvardagen sin og få sjansen til å utvikle seg vidare inn i nye jobbar, seier Ness.

Startar om to veker
Eirik Rostad Ness begynner som HR-direktør 1. oktober, og tar over etter Janne Marie Solheimslid.

– Eirik har god kunnskap om HR-området, han har eit godt nettverk, kjenner organisasjonen og har solid innsikt i verksemda, blant anna som styremedlem dei siste fire åra, seier adm. direktør Trond Teigene.

Teigene meiner Rostad Ness har mykje å tilføre leiargruppa.

– Eirik har eit sterkt engasjement for å utvikle banken vidare, og eg er trygg på at han har dei beste føresetnadar til å lykkast med ansvaret for HR, seier han.

comments powered by Disqus