Derfor treng du barneforsikring

For 8 kroner dagen kan du sikre framtida til barnet ditt. Lurer du på kvifor det er viktig?

Vi tenkjer ofte at våre små er godt sikra her i verdas rikaste land. At det offentlege betalar lege- og sjukehusutgifter om ungane blir sjuke og at vi har gode støtteordningar. At det helst går bra. Det er heilt rett, vi er heldig stilt her på berget.

Mange barneulykker
Men sjølv om Norge er eitt av verdas sikraste land for barn å vekse opp i, er vi på ulykkestoppen blant dei nordiske landa når det gjeld barneulykker. Kvart år blir 130.000 barn behandla for skade hos lege.

Dei fleste ulykkene skjer i eller rundt heimen. I slike ulykker er det familien sine eigne forsikringar som gjeld. Mange foreldre tenkjer ikkje over dette, sidan norske barn ofte er forsikra gjennom det offentlege når dei er på skule, SFO eller i barnehage.

Lite offentleg støtte
Eitt av fire norske barn treng sjukehusbehandling kvart år. Det er 1000 kvar dag. Viss barnet ditt får ein varig skade, som hindrar ho eller han i å jobbe som vaksen,  gir Folketrygda og kollektive skuleforsikringar dessverre gir veldig avgrensa ytingar ved alvorlig uførhet.

Sidan barn ikkje har rukke å opparbeide seg rettigheter utover offentleg grunnpensjon, risikerer barnet å leve med svært låg inntekt heile livet. Ein ung ufør må klare seg med rundt 260.000 i året i offentleg støtte.

Betre økonomiske moglegheiter
Ei forsikring gir barnet ditt betre økonomiske moglegheiter som vaksen, viss ho eller han blir ufør. Har du forsikring hos Frende Forsikring, der Sparebanken Sogn og Fjordane er medeigar, har barnet ditt den beste uførepensjonen i marknaden.

Dei fleste barn kjem seg heldigvis gjennom oppveksten uten å bli ramma av store ulykker eller alvorlege sjukdommar. Men for dei som bli ramma kan dei økonomiske konsekvensane ruinere familieøkonomien. Ei barne- og ungdomsforsikring gir familien større fleksibilitet i sjukdomsperioden.

Støtte for sjuke barn
Du kan få økonomisk støtte dersom du må ta fri fra jobben for å vere på sjukehuset med sjuke barn og du kan få støtte til ombygging av bustaden viss ein sjukdom eller ulykke gjer det nødvendig med endringar heime.

Viss barnet blir ramma av ein kritisk sjukdom kan barneforsikringa gi ei eingangsutbetaling på rundt 200.000 kroner. Ved varig medisinsk invaliditet etter sjukdom eller ulykke, kan erstatninga frå Frende vere over to millionar kroner.

Halvparten av alle norske barn er i dag dekka av en barne- eller ulykkesforsikring. Berre tre av ti barn har forsikring som dekker både sjukdom og ulykke, trass i at to av tre forsikringsutbetalinger på barneforsikring skuldast sjukdom.

Kåra til best i test
Ei god barne- og ungdomsforsikring dekkjer både ulykke og sjukdom, og varer ut det året poden fyller 26 år. Har du forsikring hos Frende Forsikring får barnet automatisk fortsettelsesforsikring fra 27 år, med dekning for uførepensjon. Dermed kan ei barneforsikring vere med på å betre livskvaliteten til barnet ditt heilt fram til pensjonsalder.

Barne- og ungdomsforsikringa i Frende er fleire år på rad kåra blant Norges beste av Dine Penger, Foreldre & Barn og Norsk Familieøkonomi.

 

comments powered by Disqus