Blei tatt på senga av gåvetildeling

Bjørn Holvik, Jan Ove Hafstad og damelaget til Førde

Jan Ove Hafstad trudde han skulle i møte for å snakke om framtidig sponsoravtale på vegne av Førde Volleyballkubb. Men banksjef Elin Aaland og kunderådgjevar Geir Vindheim, hadde andre planar. 

Dei sat nemleg klare med ein gåvesjekk på 150 000 kroner som klubben har søkt om for å kunne tilsetje trenar i aldersbestemte lag.

– Dette er svært gledeleg. No blei eg faktisk litt rørt her, uttalte sportsleg leiar for klubben, Jan Ove Hafstad, då han såg sjekken.

– Det er veldig flott at de er med oss på denne måten. Vi jobbar for å auke kompetansen på det sportslege, og med desse midlane kan vi jobbe endå meir konsentrert på det, seier Hafstad.

Førde Volleyballklubb har den siste tida henta inn spelarar frå både innland og utland, og jobbar for å bygge opp merkevaren og å vere ein samfunnsaktør, noko dei ser ut til og lykkast med.

Jan Ove Hafstad blei overraska med sjekken på 150 000 kroner

Ein attraktiv klubb
– Nivået vårt ligg heilt i toppen, og Førde Volleyballklubb er blitt svært attraktivt. For dei som ikkje vil til utlandet og satse der, er Førde førstevalet for veldig mange. Det er sjølvsagt svært positivt for oss, seier Hafstad.

– Vi stiller krav om at dei spelarane som kjem hit, begynner å studere eller får seg jobb. Dei skal ikkje kome hit berre for å spele volleyball, og så drive rundt når det ikkje er trening eller kamp. Det er vår måte å vise samfunnsansvar på, og vi samarbeider blant anna nært med Høgskulen, forklarer Hafstad.


Mangeårig samarbeid

Sparebanken Sogn og Fjordane har vore generalsponsor for Førde Volleyballklubb i ei årrekje. Elin Aaland rosar arbeidet klubben gjer.

–  Det er veldig kjekt for oss å bidra inn ein slik klubb, og verdiane deira om utdanning og samfunnsansvar treff oss midt i blinken. Vi gler oss til vidare samarbeid med klubben, seier Aaland.

comments powered by Disqus