Banktips til utvekslingsstudenten

Mange som reiser på utveksling sit igjen rike på opplevingar, nye vennskap og kanskje blir ein også meir moden på heile opphaldet. Ein ny kultur langt heimefrå er for dei fleste veldig spennande å få oppleve, og i tillegg følgjer det med mykje fridom. Denne fridomen knyt seg også  særleg til økonomien ein har som utvekslingsstudent, og ein fornuftig og stødig økonomi medan ein er på utveksling er avgjerande for eit bra utanlandsopphald. Vurderer du å reise på utveksling, kan tipsa nedanfor vere til god hjelp i planleggingsfasen.

Finansiering
Sjølve finansieringa av utanlandsopphaldet vil i hovudsak kome frå Lånekassen. Søk difor om lån og stipend så fort du får bekrefta studieplassen din, slik at du er sikker på pengane kjem til studiestart.

Det mange derimot ikkje tenkjer på er at lånekassen ikkje er den einaste arenaen som kan gi støtte til utanlandsopphaldet. Det er nemleg også mogleg for studentar å søkje ulike legat- og stipendordningar for økonomisk støtte. Ei nyttig nettside i denne samanheng er legatsiden.no. Leit deg gjennom og sjå om du finn nokre legat som kan passe for deg og di utdanning!

Planlegging av økonomien
Planlegging er nesten hovudnøkkelen til eit godt utvekslingsopphald. Når ein oppheld seg i utlandet må ein som regel klare seg med studiestøtta og eventuelle oppsparte midlar, det er difor viktig at desse strekk til heile opphaldet.

Som utvekslingsstudent får ein utbetalt studielånet to gongar i året, og difor i nokså store summar for ein student. For å få pengane til å strekke til heile opphaldet, er det avgjerande å ha ein god plan på økonomien frå byrjinga av. Dersom du er strukturert og flink til å planlegge kan det vere lurt å sette av pengar på sparekonto og overføre eit fast beløp til brukskonto kvar månad. Er du derimot ikkje av den strukturerte typen, kan ei løysing vere å få ein av foreldra til å vera disponent på sparekontoen din i denne perioden. Då kan dei enkelt ta hand om overføringane for deg heime, samt at du har nokon som har banken lett tilgjengeleg dersom det skulle vere noko.

Vidare bør du hugse på at økonomien din vil vere utsett for valutasvingingar når ein er i utlandet. På store utgifter som husleige og skulepengar kan ei endring i valutakursen medføre fleire tusen kroner ekstra i utgifter. Det vil difor vere lurt å legge av pengar til store utgifter som dette. Valutakalkulatoren til Sparebanken Sogn og Fjordane gir deg enkelt oversikt over kor mykje du betaler i norske kroner til ei kvar tid.

Før utanlandsopphaldet kan du også gjere nokre grep med dine faste utgifter i Norge- her kan du mest sannsynleg spare nokre kroner. For eksempel kan du «fryse» alle dei faste utgiftene du ikkje kjem til å bruke medan du er i utlandet, som til dømes medlemskapet på treningssenter. Og kva med der du bur og TV-abonnementet? Sjekk ut moglegheit for framleige leilegheita/hybelen, avslutte abonnement på Netflix, vurder nytt abonnement på mobiltelefonen osv. Har du faste betalingar vil det vere lurt å opprette eFaktura i nettbanken, slik at ein held oversikta og unngår betalingsmerknader fordi posten ikkje blir henta.

Veit du allereie no at du ønskjer ein tur heim til Norge under opphaldet eller er sikker på avreisedato tilbake etter at du er ferdig på skulen, kan ein spare pengar ved å bestille flybillettar tidleg. Jo tidlegare du bestiller, jo billegare vert det som oftast. I denne prosessen er det lurt å nytte fordelane ein har som student; fleksibilitet. Sjå etter tidspunkt litt utanom det vanlege, som til dømes seint på natta, her kan det også vere nokre kroner å spare.

Ekstra bankkort
Skulle uhellet vere ute og du mistar visakortet ditt medan du er i utlandet, vil eit nytt kort bli sendt til di folkeregisterte adresse ved ei eventuell rebestilling. Ta difor med deg ekstra bankkort i tilfelle dette skulle skje. Det kan vere ein god ide å vurdere kredittkort, men hugs berre at det fort kan bli dyrt dersom du ikkje betaler tilbake eller betaler for seint.

Forsikring
Som student i utlandet er du ikkje lenger dekka av foreldra si innbuforsikring eller reise- og ulukkesforsikring. Sjekk derfor at du har reiseforsikring som dekker deg for heile opphaldet, og ei innbuforsikring som gjeld i det landet du studerer i. Kontakt oss gjerne om du ønskjer ein gjennomgang av dine forsikringar!

Skal du studere i EØS-området og i Sveits bør du ta med deg Europeisk helsetrygdekort. Kortet gir deg rett til dekning av nødvendig medisinsk behandling ved sjukehus og/eller hos behandlar som er tilknytta det offentlege helsevesenet i det landet du oppheld deg i, på lik linje med innbyggjarane i landet. Hugs at helserettigheitane ein har etter EØS-avtalen er avgrensa, og at det difor er viktig å ha privat reiseforsikring i tillegg.

comments powered by Disqus