Tempoprisen

Temposeminaret gikk av stabelen i Florø 22. oktober. Seminaret er det største inspirasjonsseminaret for næringslivet i Sogn og Fjordane. Kring 400 deltek på kvart år – seminaret er ein arena for relasjonsbygging og bedriftsinterne tiltak som teambuilding, styremøte og jubileumsfeiringar. I år feira Temposeminaret 10 års jubileum.

Moods vann Tempoprisen

Som generalsponsor for Temposeminaret deler Sparebanken Sogn og Fjordane ut den prestisjefylte og fylkesdekkande næringslivsprisen, Tempoprisen. Dette er ein pris til fremje av nyskaping og næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Tempomopeden blei ei merkevare gjennom kreativ originalitet i si tid. Er det prosjekt, bedrifter eller personar som har utmerka seg i Sogn og Fjordane med kreativitet, originalitet, nyskapingspotensiale, økonomiske resultat osv. 

Tempoprisen på 50.000,- gikk i år til rockestjernene i norsk design, Moods of Norway. Stikkord for den prestisjefylte næringslivsprisen er mellom anna nyskaping og er det noko Moods verkeleg har vore, så er det nyskapande. Les bloggen frå juryen.

Gå til mobilutgåva