Draumejobbar – kva avgjer?
Av Arvid Andenæs | 15. november 2009 | 1 kommentar »Eg skal ikkje gjere dette til eit innlegg for eller i mot endra kommunestruktur. Eg vil berre reise nokon problemstillingar i høve det å la alt bli med det gamle – noko som sjølvsagt alltid er det enklaste. Det eg lurer på er korleis kommunane skal klare å tiltrekke seg dei dyktigaste fagfolka i tida framover? Blir miljøa store nok? Blir arbeidsoppgåvene varierte og utfordrande? Blir behovet for fagleg utvikling tilfredstilt?

