Eldsjel_hovedbilde2011

Eldsjelsamling 2011

Ein eldsjel er ein person fylt av iver og begeistring. Og ei drivkraft. Dette stemmer godt overens med vår visjon om å vere “ei drivkraft for fylket”. Vi ønskjer å gje noko tilbake til alle dei som gjer ein innsats i Sogn og Fjordane. Difor samla vi 200 eldsjeler frå heile fylket til Eldsjelsamling på Skei i går. Som konferansier Arvid Andenæs sa: “Vi har kanskje den viktigaste forsamlinga i Sogn og Fjordane i salen”.

Les heile “Eldsjelsamling 2011”
ssfno-2

Nye nettsider – kva meiner du vi bør gjere?

Vi er i gang med eit arbeid for å fornye ssf.no både på utsida og på innsida. Sjølve nettbankdelen vil gå gjennom store forandringar dei næraste åra, men det som kjem aller først er dei opne sidene (alt som ikkje er på pålogga område).

Les heile “Nye nettsider – kva meiner du vi bør gjere?”
Erling_holden

Mannen mot straumen

I dag vil eg lette på hatten for ein professor. Han heiter Erling Holden og kjem frå Bærum. Han imponerer meg fordi han på mange måtar er mannen mot straumen og får til det dei færraste trur er mogleg.

Les heile “Mannen mot straumen”
skulestart

Tips til studiestart

Denne veka er det studiestart for høgskule og vidaregåande. Ein ny kvardag ventar mange. Kor er forelesningssalen? Kven skal eg gå i klasse med? Kor tid får eg studentkort? – og ikkje minst, kor tid kjem stipendet?

Les heile “Tips til studiestart”
SSF-frisk-og-sprek

Rekordoverskot på samfunnsrekneskapen til Sogn og Fjordane!

Denne overskrifta kunne, eller skal eg heller seie burde, stått på trykk i Dagens Næringsliv eller Finansavisa med følgjande ingress: Verdien på fylket auka vesentleg som følgje av at endå fleire verksemder og enkeltpersonar såg nytten av å bruke ressursar og fritid på fellesskapet for å skape eit rikare, sosialt liv.

Les heile “Rekordoverskot på samfunnsrekneskapen til Sogn og Fjordane!”
SSF-Kongle-NM_Byrkjelo-Kristiane2

Tre mot tre hundre

Tre mot tre hundre. Det er nesten slik det følas. Nervepirrande. Spennande. Utfordrande. Dei tre jentene eg møtte på Byrkjelo stadion var full av pågangsmot. Dei var skikkelig gira. Det er NM på heimebane, og som kick-off skal nesten 300 barn frå Nordfjord og Jølster samlast for å bli betre på kast til hopp og presisjon!

Les heile “Tre mot tre hundre”
KAer-Gloppen

Sindige og heldige

Fjordingar og sogningar er sindige folk. Eg hadde ein mistanke frå før, men er sikker etter det som har skjedd i finansverda dei siste dagane. Mens børsane stuper og forståsegpåarar snakkar om krakk, krise og det som verre er, trekkjer vi berre på skuldrene i Sogn og Fjordane.

Les heile “Sindige og heldige”
rosetog

Du og eg på prøve

17. mai-tog den 25. juli 2011. I tog for fred, fridom og demokrati, midt på sommaren. Noko slikt har neppe nokon av oss opplevt før. For mitt vedkomande vart det ei markering til ettertanke. Rundt meg i toget i Førde gjekk minst 2.000 menneske, unge som gamle, mørke som kvite, folk med stav, folk i rullestol. Med eitt fekk desse verdiane som vi nesten ler av på nasjonaldagen, fordi vi tek dei for gjett, eit fornya innhald. Fred utan vald, fridom utan frykt, demokrati bygt på respekt har på nytt blitt kampsaker etter den ufattelege massakren på Utøya og i Oslo.

Les heile “Du og eg på prøve”
Sommar på Vestlandet

Skal det aldri bli skikkelig sommar?

Det er få ting som opptar oss nordmenn meir enn veret for tida. Bortsett frå nokre få fine dagar inn i mellom, har det nesten regna konstant dei siste månadane. “Syden er utselt” høyrde eg på radioen i går. Dette fekk meg til å tenke litt. Kva er eigentleg denne sommaren som vi støtt ventar på?

Les heile “Skal det aldri bli skikkelig sommar?”
konfirmasjon

Alle dessa dagar…

“Alla dessa dagar som kom och gick inte visste jag att de var livet.” skreiv forfattaren Stig Johansson i samlinga “Den kapsejsade himlen” i 1984. Livet er fullt av kvardagar og andre dagar som skil seg frå dei vanlege kvardagane. Første skuledag, siste skuledag, konfirmasjon, russetid, fullførte studiar. Gleda over å få eigne barn, gleda over nevøar og nieser som kjem til verda, æra over å vere fadder eller kanskje forlovar for ein god ven, flytte på hybel for fyrste gong, kjøpe sitt første husvære, gifte seg osv.

Les heile “Alle dessa dagar…”

Gå til mobilutgåva