plakatrequiem_300px

Livskvalitet

Livskvalitet er eit fint omgrep. Og spesielt fint er det at vi bur i ein fylkeskommune med visjon å nettopp legge tilrette for livskvalitet. Dette er inga lita oppgåve. Om vi ikkje er så mange så er vi likevel ulike og med ulike interesser og behov. Det som vert opplevd som inspirerande og gjevande for ein, vert gjerne sett på som både fåfengt og sløsing med ressursar av ein annan.

Les heile “Livskvalitet”
oye

Krise og nytt syn

Eg har lyst å fortelje deg om ein kjenning av meg som har fått nytt syn. Det skjedde ikkje utan dramatikk. Det var krisestemning då hornhinna losna og dama i hu og hast vart sendt til legespesialistane på Haukeland. Der skjedde eit lite under. Hornhinna vart ikkje berre sveisa fast igjen, den vart også korrigert og kopla saman med ny linse. Det som var umogleg for nokre år sidan, let seg ordne med avansert utstyr og høg kompetanse. Auget vart justert frå minus 10,5 til minus 0,75. Pasienten kom ut frå sjukehuset med eit skarpare og klarare blikk enn nokon gong og takka for krisa ho hadde kome opp i.

Les heile “Krise og nytt syn”
Hoest_bekk

Julekveld heile veka

Ei veke om hausten er alltid spesiell for meg. Då kjem spenndane høgdepunkt på rekke og rad. Hjortejakt, sauesanking og kundeundersøking. Ja det er reine julekvelden for meg – ei heil veke. Sauesankinga gjekk bra, det gjekk heller så som så med hjortejakta. Men det som gav meg den store oppturen er likevel resultata frå den årlege kundeundersøkinga.

Les heile “Julekveld heile veka”
Eling-og-Fiol

Elin og Fiol

Elin Ekorn har mykje å gjere. Ho har bestemt seg for å følgje draumane sine og har meldt seg på Fiol. Då ho såg annonsen i Kongleposten i går, kjende ho eit sug i magen. «Er du den nye songstjerna vår? Meld deg på Fiol.» stod det. «Innleiande rundar skal haldast neste veke.» Elin begynte å dirre over heile kroppen. Våga ho dette? Ho ville jo så gjerne, men det kjendest veldig skummelt på same tid. Til slutt bestemte ho seg. Ho skulle melde seg på.

Les heile “Elin og Fiol”
Mobiljente-ny

Ønskjeliste mobilbank

Det er no snart halvanna år sidan vi lanserte Mobilbank. Vi hadde allereie Nettbank, Telebank og SMS-bank. Kvifor Mobilbank i tillegg, var det ein som spurte meg. Jau svaret er i grunnen ganske enkelt. Vi vil gjere tenestene våre så tilgjengelege og enkle å bruke som mogeleg.

Les heile “Ønskjeliste mobilbank”
rv_eikefjord

Jobb nr 1

Har du køyrt frå Ørsta/Volda til øyane på Søre Sunnmøre? Før du anar er du komen heilt ut i havet til fugleøya Runde. Du kryssar fjordar og sund i eitt sett utan å sjå snurten av ferja. I staden susar du gjennom den undersjøiske tunnelen i Eiksundsambandet og over ei rekke bruer og fyllingar mellom øyane. Det som dukkar opp av flytande farkostar er avanserte farty for oljeindustrien og nymåla ringnotsnurparar.

Les heile “Jobb nr 1”
rolf-forsikring

Søle og rask og ligga i boss – eller kveite og erter og ligga i silkeseng

Ein føremiddag eg sat på kontoret dukka det opp eit kjent snyteskaft i døra. Det var Rolf som stakk innom banken igjen. Han såg noko tenkt ut så eg spurde kva eg kunne hjelpe han med.

Les heile “Søle og rask og ligga i boss – eller kveite og erter og ligga i silkeseng”
autorisasjon3

Tidsliner

Tidsliner er eit omgrep som økonomistudentar vanlegvis identifiserer seg med. For tida går det mykje i tidsliner i banken. Eg og mange av mine kollegaer studerer for å autorisere oss til finansielle rådgjevarar i desse dagar. Nokre kjem rett frå skulebenken, andre må lenger tilbake på tidslina for å finne tilbake til sist dei sat ved skulebenken. Felles for oss alle er at vi jobbar mot same målet!

Les heile “Tidsliner”
kalasblogg2

Sutalaust studenttreff i Bergen

No er endeleg bybildet i Bergen tilbake til det normale, etter to veker med fadderveke for dei ulike studieinstitusjonane, der dei ferske studentane har fått oppleve at det ikkje er ein mjuk start som ventar dei når dei tek fatt på høgare utdanning. Her har det gått i rebusløp, bar-til-bar-runde og, ikkje minst, vorspiel over heile byen. Du kunne ikkje bevege deg langt utanfor døra i sentrum desse to vekene utan å sjå ei faddergruppe forkledd som t.d. B-gjengen synge ”å Bergen by er nydelig, å Bergen by er nydelig, for vi har Hansa øl og dai-er!” for full hals.

Les heile “Sutalaust studenttreff i Bergen”
Kundesenteret_miljo

Kundesenteret 10 år

Kundesenteret, kunde service, kundetorget, customer services, bokholderiet. Kjært barn har mange namn. I dag fyller kundesenteret vårt 10 år.

Les heile “Kundesenteret 10 år”

Gå til mobilutgåva