
Takk Stoltenberg
Av Arve Sandal | 30. desember 2011 |Då er det berre å lette på hatten og takke statsminister Jens Stoltenberg. Vår fremste politiske leiar kjem til Sogn og Fjordane over nyttår for å sjå på skadane og beredskapen etter juleorkanen. Eg var lenge redd at vi skulle oppleve det same som under gasseksplosjonen i Gulen. Då vart ein liten kommune og eit hardt prøva folk i stor grad overlate til seg sjølv og nærast gjort til kasteball mellom ulike fagetatar.









