har kanskje ikkje tenkt på det. Kan banken vere meir enn bank, meir enn pengar, meir enn renter, meir enn lån og kontoar, meir enn banksjefar? Visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane er å vere ei drivkraft for fylket. Vi vil skape, vi vil utvikle, vi vil dele. Det er vitsen med at vi er til og at 320 tilsette går på jobb kvar dag rundt i heile Sogn og Fjordane og i Bergen.
2. oktober skal banken gjere furore på Sandane. Storstova i Trivselshagen opnar for bankett med landskjende artistar frå fylket. 200 talentfulle ungdommar har søkt om stipend for å utvikle evner og anlegg. Denne kvelden får dei svaret. Kven har juryen plukka ut til å dele 300.000 kroner? Til inspirasjon, til talentutvikling, til personleg vekst.
Furore-stipenda på 10.000, 50.000 og 100.000 kroner er eit døme på at Sparebanken Sogn og Fjordane er meir enn bank. Støtte til kunstgrasbaner, balløkker og 1000 frivillige lag og organisasjonar kvart år er fleire døme. Banken har eigen kultursjef og eit kulturbudsjett på rundt 20 millionar kroner i år.
På denne bloggen skal du etter kvart få vite meir om kulturengasjementet vårt. Men du skal også få tips om smart økonomi og smart bruk av den avanserte nettbanken vår. Eller kanskje du er smartare enn oss og vil dele med oss og alle andre dine tankar og idear? Du er hjarteleg velkomen. Å skape og dele er noko av det finaste med å vere menneske.
På denne bloggen kjem også nokre personlege helsingar. Her kan du møte banktilsette som fortel om jobben sin og kvifor dei har satsa på ei karriere i Sogn og Fjordane. Her vil vi dele interesser, meiningar og kompetanse.
Vel møtt på www.meirennbank.no. Velkomen til å følgje oss i gode og vonde dagar. Velkomen til å seie kva du meiner om oss. Velkomen til å bli betre kjend med den største banken i Sogn og Fjordane.
Kan banken din vere litt ubanksk? So bra! Kan bank vere meir enn bank, meir enn pengar, meir enn renter, meir enn lån og kontoar? Visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane er å vere ei drivkraft for fylket. Vi vil skape, vi vil utvikle, vi vil dele. Det er vitsen med at vi er til og at 320 tilsette går på jobb kvar dag rundt i heile Sogn og Fjordane og i Bergen.
På denne bloggen får du vite meir om kulturengasjementet vårt. Men du får også tips om smart økonomi og smart bruk av den avanserte nettbanken vår. Eller kanskje du er smartare enn oss og vil dele med oss og alle andre dine tankar og idear? Du er hjarteleg velkomen. Å skape og dele er noko av det finaste med å vere menneske.
Vel møtt på www.meirennbank.no. Velkomen til å seie kva du meiner om oss. Velkomen til å bli betre kjend med den største banken i Sogn og Fjordane.
Kven bidreg på denne bloggen?
Arvid Andenæs – Administrerande direktør @arvidand
Reiel Haugland – Kultursjef @reieljh
Hallvard Klakegg – Direktør Personmarknad @hklakegg
Arve Sandal – Direktør Kommunikasjon @arvesandal
Anne Lise Tefre – Kundesenteret @annelt81
Cecilie Øvrebotten – Markandskonsulent
Mette Grytten – Grafisk designer @MetteGry
Berit Eikås Huseklepp – WEB redaktør @BeritEHus
Per Magne Hervik – Fagansvarleg nettbank @pemher
Ingvild Støa Skrede – Prosjektleiar marknad @Ingvild_Skrede
Terje Kjenes – Produktkonsulent IT @terjekjenes
Dette er berre nokon av dei som bidrar på bloggen. I tillegg kjem mange tilsette i banken og gjestebloggar frå samarbeidspartnarane våre.