Eit herleg slit
Av Hallvard Klakegg | 22. juli 2010 | Ingen kommentararMålet er 1338 meter over havet. Først må ein opp gardstun og skogsveg. Så over moltene på myra. Deretter berg og ur. Bratt og ulent. Blodslit og mjølkesyre. Men det er verdt det. For det er den herlege kjensla på toppen ein er ute etter. Ja, det blir litt slik som Tine. Må ha det – berre må ha det.









