bankbygget_foerde

Vi veks og utviklar oss!

Er det viktig at vi har ein lokal bank i fylket som vågar å tenkje nytt? Vågar å gå nye vegar i jakta på lønnsemd og vekst? Er det viktig med lokal kapital og lokale avgjerde i saker som angår oss og fylket? Er vi gode nok? Stolar vi på vår eigen kunnskap og kløkt? Mitt personlege svar er JA på alle disse spørsmåla. Eg er likevel snar å legge til at vi treng konkurranse og det er sikkert ikkje alle som meinar vi stiller opp når vi skal og bør. Men til lags åt alle kan ingen gjera….

Les heile “Vi veks og utviklar oss!”
grisefest_fjaler

Velkomen Fjaler!

”I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv, trur eg” sa den folkekjære diktaren Jakob Sande frå Fjaler. I dag går vi i Sparebanken Sogn og og Fjordane helt sikkert inn i ei ny epoke. Vi fusjonerer med Fjaler Sparebank og ønskjer 19 nye kollegaer i Dale og Bergen hjarteleg velkomen!

Les heile “Velkomen Fjaler!”
White gift box. 3D image.

Dagens million går til natur

Eg er blitt glad i å gå i fjellet i vaksen alder. Følelsen av ro som senkar seg i kropp og sjel.  Bekymringar og ugjorte arbeidsoppgåver blir enklare og ofte finn løysing.  Det er noko med roa og freden som gir rom for ettertanke og kreativitet – og løysingar kjem – plutseleg og frå ingen stad? Trimmen i ein god fjelltur, kjenne at kroppen fungerer, bli sveitt og andpusten.  Stoppe og slurpe i seg kaldt rennande fjellvatn. Få att pusten, og gå på igjen. Den gode følelsen når ein når toppen, kjenne på kor liten ein er i verda og [...]

Les heile “Dagens million går til natur”
120310-Forstandarskapsmøte_0427_blogg

Arvesølv for framtida

2,1 milliardar kroner. Eg klarer ikkje heilt å fatte kor mykje pengar dette eigentleg er. Det eg veit er at dette er arvesølvet i Sparebanken Sogn og Fjordane og dermed litt av arvesølvet i fylket. Det er bygt møysommeleg opp gjennom generasjonar med hardt arbeid, god forvaltning og god bankdrift. Summen er identisk med eigenkapitalen eller grunnfondet i Sparebanken Sogn og Fjordane. Forstandarskapet i banken har vedteke at nesten 1,8 milliardar kroner av pengane skal overførast til ei lokal stifting. Dermed blir pengane verande på lokale hender til evig tid.

Les heile “Arvesølv for framtida”
vindmolle

Det bles ein vind over ytre Nordfjord!

Den vinden heiter Alfred Bjørlo.

Les heile “Det bles ein vind over ytre Nordfjord!”
100209 Fjaler Sparebank_0372

Fest i Fjaler

Kanskje Jakob Sande ikkje dikta? Kanskje Gud faktisk heldt fest i Fjaler? Ein frikveld på Kobbeskjeret med ibis og pelikan, med palmer og seder der før det stod bjørk og gran. Eg må nemleg tilstå at det er noko med folket i Fjaler prestegjeld eg ikkje rett forstår. Det er eit eller anna med dei sunnfjordske og jordiske lover som ikkje gjeld rundt Dalsfjorden.

Les heile “Fest i Fjaler”
100208 Bankbygget og brua Førde_0225

Borte bra, heime best

Det var det året som skulle bli så bratt. Alle kurver stupte nedover mot slutten av 2008 og starten av 2009. Vi som har eit stort ansvar for å skaffe pengar til Sogn og Fjordane, budde oss på det verste. Ville finanskrisa føre til store tap i næringslivet og rett og slett mangel på pengar til å halde hjula i gang?

Les heile “Borte bra, heime best”
jobbane-her

Jobbane er her !

Medan diskusjonane går om kompetansearbeidsplassar og omdømme, blir det samtidig jobba jamnt og trutt for å utvikle dei miljøa vi har.  Nett no er det ledig to kjempegode og viktige jobbar i finansmiljøet i Førde.  Gjensidige Bank søkjer etter direktør for nettbanken sin, og Aud Ingrid i Fjord Invest Management søkjer etter ein kollega med leiar- og styreerfaring som også blir tilbydd partnerskap i selskapet.

Les heile “Jobbane er her !”
_ARU4916

Topp vilkår og kunstgras

Eg vart svært glad og stolt då eg før helga såg den siste bankkåringa til Norsk Familieøkonomi. Kvart år vurderer denne forbrukarorganisasjonen alle bankar i Norge når det gjeld vilkår på bustadlån, brukskonto, høgrentekonto og BSU. I skarp konkurranse med 125 bankar vart Sparebanken Sogn og Fjordane den 12.beste totalbanken i landet. Når det gjeld bustadlån på ein million kroner  er vi den 5. beste i kåringa. Alt i alt er vi den beste sparebanken på Vestlandet!

Les heile “Topp vilkår og kunstgras”