Søk Furorestipend
Eigaren vår, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, vidarefører dei personlege Furorestipenda som ein tidlegare har kunna søke Sparebanken Sogn og Fjordane om, og opprettheld dermed ei av dei mest profilerte stipendordningane i fylket. Sparebankstiftinga deler ut gåver til allmennyttige føremål, og Furore er einaste ordninga kor ein kan få personlege stipend frå stiftinga.
NB: Merk at søknadsfristen i år er endra til 15. juni.
Søknadskjema
Link til meir informasjon og søknadsskjema.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål om Furorestipenda, kan du kontakte kultursjef i Sparebankstifting Sogn og Fjordane, Pål Fidjestøl, på e-post pf@sparebankstiftinga.no, eller på telefon 911 58 009.
Tidlegare vinnarar
Furorevinnarane i 2011
I fjor vann ein filmskapar hovudstipendet, fulgt av ein biledkunstnar, skiskyttar, vektløftar, fotballspelar og to musikarar. Les om han og dei 6 andre Furorevinnarane i 2011 her
Furorevinnarane i 2010
Vinnarane i 2010 var mellom anna skihoppar, fotograf, musikkdramatikar, fotballkeeper og felespelar. Her kan du lese meir om 2010-vinnarane.
Furorevinnarane i 2009
I 2009 gjekk den første Furorestipendutdelinga av stabelen (sjå foto frå utdelinga). Då vann ein møbelsnikkar, ein vektløftar, ein designar, ein forfattar, ein felespelar, ein kastar, ein skiskyttar, ein klesdesignar og ein dansar. Sjå også bloggane til designaren, vektløftaren og møbelsnikkaren.

