Energiguiden er Sparebanken Sogn og Fjordane sin klima- og energiguide på nett. Målet med guiden er å gje informasjon om korleis du kan gjere framtidsretta investeringar knytt til miljø og klima.
Desse sidene fortel om rammeverk og gir tips om energieffektivitet, utslepp og miljø- og klimarelaterte investeringar. Klima er hovudfokuset, men fordi vi veit at økonomi er sentralt for bedrifter, skriv vi òg om økonomiske aspekt ved ulike investeringar.
I mange tilfelle vil ein oppdage at det finst vinn-vinn-situasjonar mellom økonomi og miljø- og klimatiltak i ei bedrift.
Innhaldet på desse sidene er laga av Vestlandsforsking, og det byggjer både på eigen kunnskap og eksterne kjelder.
Viktig å vite om Energiguiden
Dette er versjon 1 av Energiguiden, som skal oppdaterast med jamne mellomrom. Med eit så omfattande tema og så mange emne som vi tek for oss her, er det dessverre sannsynleg at vi ikkje har fått med alt som er relevant. Det kan òg ha snike seg inn ein og annan feil, og enkelte forhold kan ha endra seg etter at vi skreiv teksten.
Ser du noko som burde rettast opp, eller har du tips om noko som burde vere med, set vi stor pris på om du fortel oss om dette. Send inn til oss på info@vestforsk.no, og vi vil sjå på det til neste oppdatering.
Hugs òg å sjå etter oppdaterte prisar og vilkår om du skal investere, dei kan endre seg på relativt kort varsel. Bruk gjerne nettsida til å finne ut kor du kan få informasjon.