Det som betyr mest for drivstofforbruket i transportselskap er val av køyretøy, logistikk, køyrestil og vedlikehald.
Kor mykje klimagassar ein bil slepp ut, er avhengig av kor mykje drivstoff bilen brukar. Ved å velje køyretøy som brukar lite drivstoff, sparar du både utslepp og utgifter. For elbil blir prinsippet litt annleis, men energieffektivitet er viktig også her (sjå val av drivstoff).
Drivstofforbruket til ein bil er hovudsakleg avhengig av to element. Det eine er motorteknologi. Her kan de spørje bilforhandlaren om drivstofforbruk på ulike modellar, og måle sjølv ved prøvekjøring. Det andre er å velje ein bil med lågast mogleg vekt i høve til behovet: Lette bilar brukar som regel mindre drivstoff enn tyngre bilar.
Mange kan spare mykje på logistikk og ruteplanlegging, ved å planleggje slik at dei køyrer mindre. Andre faktorar som dekktrykk, bremseklossar og aerodynamikk har òg ein del å seie, særleg for tyngre bilar. Avhending (kasting) av bilen spelar òg ei ikkje ubetydeleg rolle for den totale miljøbelastninga.
Ein kan dessutan spare mykje drivstoff ved å lære såkalla økokøyring, eller drivstoffsparande køyring. Med denne teknikken køyrer ein like fort som før, men det fører ofte til at ein sparer rundt 10-15 % av drivstofforbruket.