Køyrestil

Sjåføren sin køyrestil kan ha overraskande mykje å seie for energiforbruket i ein bil. Ved å lære økokøyring kan dei fleste redusere drivstofforbruket med 10-20 prosent.

Økokøyring handlar om å fokusere på planlegging slik at ein til dømes treng mindre nedbremsing eller hurtig akselerasjon. Ifølge trafikkskular fører ikkje økokjøring til at ein køyrer saktare, men tvert imot at gjennomsnittsfarta går opp. I tillegg kan stressnivået til sjåføren og mengda uhell gå ned.

Kursa kostar litt, slik at det er ikkje sikkert at ein sparar mykje pengar på opplæring i økokøyring. Eit alternativ kan vere å lære opp nokon i bedrifta som så kan lære det vidare til andre. Konkurransar i energieffektivisering blant sjåførar eller gruppar av sjåførar har vore ein god motivasjonsfaktor.

Autoriserte trafikkskulars landsforbund, NAF og ei rekkje køyreskular arrangerer kurs i økokøyring.

 
Mest lest på Klimakartet