Transportsektoren

I 2007 kom 19 prosent av dei samla klimagassutsleppa i Noreg frå vegtrafikken. Bedrifter og enkeltpersonar sine val mellom anna om ein skal kjøpe bil og kva type som er best, har difor mykje å seie i høve til klima

Vi treng å gjere tre ulike typar tiltak for å snu trenden med auka utslipp. Det eine er at køyretøya må bli meir effektive både i høve til utslipp, energieffektivitet og ressursbruk. Det andre er å velje dei rette transportformene. Regjeringa ønskjer mellom anna å få meir godstransport på veg over til sjø og bane. Den tredje typen tiltak blir gjerne gløymt, men er også viktig: Vi må ganske enkelt køyre mindre.

For den enkelte transportbedrifta handlar miljø- og klimastrategiar om å bruke mindre energi i heile bilparken. Det kan ein gjere ved å kjøpe køyretøy med minst mogleg utslipp, sørgje for god logistikk og ruteplanlegging, godt vedlikehald, lære energieffektive køyremønster og sjå om ein kan klare seg med færre bilar.

Mykje av dette dreier seg om å drive bedrifta effektivt og forbruke mindre. Difor er dette i stor grad økonomisk lønsamt for bedrifta.

 
Mest lest på Klimakartet