Transport på veg

I 2007 kom 19 prosent av klimagassutsleppa i Noreg frå vegtrafikken, og utsleppa aukar kraftig. Det er særleg privatbilismen som aukar, og mykje av bilbruken er knytt til fritid.

Omsynet til klima og miljø er den viktigaste grunnen til å redusere fritidskøyringa. Det kan òg vere økonomisk gunstig for ei reiselivsbedrift å planleggje for gode alternativ til privatbilen, særleg dersom ein ønskjer at bedrifta skal drivast i mange år framover.

Det er sannsynleg at prisen på drivstoff blir dyrare i åra som kjem, og at det i aukande grad vil løne seg for folk å velje kollektivtransport.

I eit slikt langtidsperspektiv kan bedrifter som tilbyr annan transport ha ei føremon. Difor kan ein spørje seg: Ligg reisemålet i nærleiken av trasear for buss, tog, båt eller andre kollektive løysingar? Vil dette eventuelt kome? Viss ikkje det er planar for dette, er det mogleg å leggje til rette for gode alternativ til bil?

Gode kollektivløysingar gir òg eit fortrinn i høve til turistar som reiser utan bil allereie i dag.

 
Mest lest på Klimakartet