Transport

Transportbransjen står for nesten 2/3 av dei samla klimagassutsleppa frå reiselivsnæringa. Med andre ord er det i denne bransjen ein kan få dei verkeleg store effektane av tiltak.

Her bør ein særleg tenkje på korleis ein kan finne gode transportordningar for turistane, noko som òg kan vere bra i høve til kundane.

Når ein skal redusere utsleppa frå transport, kan ein bidra ved å velje rette bilar og utstyr, og ved god logistikk, drift og vedlikehald. Dette reduserer òg drivstoffutgiftene. Energiguiden har ein eigen del om transportnæringa, som gir slike tips. For bedrifter som kjøper eller leaser bilar til eige bruk, finst det tips under klima i bedrifta.

Det viktigaste klimatiltaket er likevel å redusere mengda transport.

Transport på veg

 
Mest lest på Klimakartet